Rhône (på fransk, Ròse på oksitansk, Rôno på fransk-provensalsk, Rhone på standard tysk og Rotten på Valais-tysk) er ei av dei store elvene i Europa, som renn gjennom Sveits og Frankrike. Elva har ei lengd på 812 km, der 231 km av ho renn i Sveits, medan 581 km er i Frankrike.
Innhaldsliste
1Opphav til namnet
2Elveleie
3Transport
4Byar langs Rhône
4.1Sveits
4.2Frankrike
5Sideelvar
6Kjelder
7Bakgrunnsstoff
Opphav til namnet |
Ordet «Rhône» kjem av det latinske ordet Rhodanus, som igjen kjem av det greske ordet οδανός (Rhodanos), og dette er igjen ei gresk utgåve av det galliske (keltisk) namnet på elva. Grekarane høyrde dette namnet då dei hadde ein koloni i Massalia (Marseille). Det keltiske namnet på elva, som er noko slik som Rodo eller Roto og tyder «ho som rullar» eller «ho som renn», er eit mykje brukt namn på elver i gamalt keltisk språk. Dette var òg namnet på den lågare delen av elva Seinen, i tillegg til fleire andre elver i vestlege område av Europa. Dette keltiske namnet kjem frå den urindoeuropeiske rota *ret- («å renne, rulle»), som gav ordet rota («hjul») på latin, som er opphavet til ordet «rotere» og «rulle».
Byrjing av Rhône frå Rhônebreen i Valais
Enkelte hevdar at rota rot- eller rod- som ein finn i namnet «Rhône» og fleire andre elver i Europa, og som ser ut til å ha hatt tydinga «elv», eigentleg er pre-indoeuropeisk. Då vil det berre vere tilfeldig at det liknar det proto-keltiske verbet reto («å renne»).
Elveleie |
Elva har sitt utspring frå Rhônebreen i Valais i Sveits, i Saint-Gotthard-massivet i ei høgd på 1 753 m. Opp til Martigny i Sveits, er Rhône strid, og vert så ei stor fjellelv som renn sørvestover gjennom ein bredal. Så snur ho nordvestover og går ut frå Alpane og strøymer gjennom Genfersjøen, før ho går inn i Frankrike. I løpet av eit år renn det i snitt 570 m³/s[1] frå Genfersjøen.
Elva Saône renn inn i Rhône ved Lyon, før dei går sørover. Andre elver som renn ut i Rhône er Cevennane-elvene Eyrieux, Ardèche, Cèze og Gardon på høgresida, og Isère, Drôme, Ouvèze og Durance på Alpesida.
Ved Arles deler Rhône seg i to delar, og dannar elvedeltaet Camargue, der alle delane renn ut i Middelhavet. Ein arm vert kalla «Grand Rhône», og den andre «Petit Rhône». I året strøymer det i snitt ut 2300 m³/s ved Arles[2].
Transport |
Før ein hadde jarnbanar og bilvegar, var Rhône ei viktig transportåre i dei indre områda og knytte saman dei tidlege tekstil- og handelsbyane Arles, Avignon, Valence, Vienne og Lyon med Middelhavsbyane Fos, Marseille and Sète. Elva Saône knyter byar som Villefranche, Macon og Chalons til Rhône. Mindre fartøy kan reise lenger nordvest, nord og nordaust, via Centre-Loire-Briare- og Loing-kanalane til elva Seine, via Canal de la Marne à la Saône til elva Marne, via Canal des Vosges til elva Moselle og via Canal du Rhône au Rhin til elva Rhinen.
Rhône er kjend for sine strie straumar når elva er stor, og stundom kan ein få ein straumfart på opp til 10 km/t.
Byar langs Rhône |
Rhône (venstre) møter elva Arve i Geneve i Sveits.
Sveits |
Brig
Visp
Sion i Sveits
sjå Genfersjøen for byar rundt innsjøen.
Genève
Frankrike |
Lyon
Vienne
Tournon-sur-Rhône
Valence
Montélimar
Viviers
Bourg-Saint-Andéol
Pont-Saint-Esprit
Roquemaure
Avignon
Beaucaire
Vallabrègues
Arles
Sideelvar |
Brua over Rhône i Avignon
Gardon
Durance
Ouvèze
Ardèche
Drôme
Isère
Saône
Ain
Arve
Kjelder |
↑The Rhône River: Hydromorphological and ecological rehabilitation of a heavily man-used hydrosystem
↑The Rhône River: Hydromorphological and ecological rehabilitation of a heavily man-used hydrosystem
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rhône frå Engelsk Wikipedia .
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rhône
Vassvegar i Frankrike
[www.languedoc-france.info/071201_rhone.htm Rhône i Languedoc]
What happens when the centripetal force is equal and opposite to the centrifugal force?
Why is "la Gestapo" feminine?
Nested Dynamic SOQL Query
How are passwords stolen from companies if they only store hashes?
Exposing a company lying about themselves in a tightly knit industry: Is my career at risk on the long run?
Can "few" be used as a subject? If so, what is the rule?
Why are there no stars visible in cislunar space?
categorizing a variable turns it from insignificant to significant
Do I need an EFI partition for each 18.04 ubuntu I have on my HD?
What are the consequences of changing the number of hours in ...
Tidlegare republikkarSkipingar i 1433Kommunar i SchwyzDistrikt i SchwyzNedleggingar i 1798Stader ved Vierwaldstättersee kommunekantonenSchwyzSveitskm²VierwaldstätterseeLauerz Gersau Kommunevåpenet til Gersau Plassering Styresmakter Land Sveits Kanton kantonen Schwyz Distrikt Gersau Språk tysk Geografi Flatevidd - kommune 23,70 km² Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik 2 094 88,4 /km² Koordinatar 46°59′0″N 8°31′0″E Koordinatar: 46°59′0″N 8°31′0″E Høgd over havet 435 moh Diverse annan informasjon Postnummer 6442 Nettstad: www.gersau.ch Freistaat und Republik Gersau Fristaten og republikken Gersau By-republikk og alliert protektorat i Det gamle sveitsiske eidsforundet ← ← 1433–1798 1814–1818 → → Hovudstad Gersau Styreform Republikk Historisk periode Tidleg moderne tid - Kjøpte fridom frå ...
Does a creature that is immune to a condition still make a saving throw?
Where does the labelling of extrinsic semiconductors as "n" and "p" come from?
Sci-fi novel series with instant travel between planets through gates. A river runs through the gates
Examples of non trivial equivalence relations , I mean equivalence relations without the expression " same ... as" in their definition?
Was it really necessary for the Lunar Module to have 2 stages?
How to back up a running remote server?
Transfer over $10k
In Proverbs 14:34, is sin a disgrace to a people, or is mercy a sin-offering?
How to set the font color of quantity objects (Version 11.3 ...