Lilje Taksonomi | Annan bruk av ordet «lilje» | Kjelder |...


Liljefamilien


MartagonliljeslektlaukplantarEurasiaNord-AmerikaEuropaAsiaNilgirifjellaFilippinaneAmerikaCanadaUSAkronbladluktkvittgultraudtstiverikerotfrukterbitterKinaluksushelsematsommarenWorld Checklist of Selected Plant FamiliesvassliljeLiljaLilySusanna































Liljeslekta



Martagonlilje
Martagonlilje



Systematikk

Rike:

Viridiplantae

Rekkje:

Magnoliophytina

Klasse:

Liliopsida

Orden:

Liliales
Familie:
Liliacee

Vitskapleg namn
Lilium

Liljer (Lilium) er ei slekt av laukplantar som gjev store blomar. Ho er utbreidd i Eurasia og Nord-Amerika.


Plantane veks i store delar av Europa og Asia sørover til Nilgirifjella i India og Filippinane. I Amerika finn ein dei sør i Canada og i store delar av USA.


Dei store, prangande blomane har seks kronblad, ofte lukt, og finst i ei rekkje fargar frå kvitt til gult til raudt. Dei kan vera einsfarga eller mønstra.


Liljelaukar er stiverike og kan etast som rotfrukter, men mange av dei har ein bitter smak. Laukar som ikkje er bitre, som L. lancifolium, L. pumilum og særleg L. brownii, blir dyrka i stor skala i Kina som luksus- eller helsemat som hovudsakleg blir seld i tørka tilstand. Desse blir særleg etne om sommaren fordi dei har ein kjølande effekt på kroppen.



Taksonomi |


Liljeslekta kan delast inn i seksjonar som her følgjer Comber.[1] Artsinndelinga følgjer World Checklist of Selected Plant Families,[2] medan taksonomien til seksjonen Pseudolirium er frå Flora of North America,[3] den til Liriotypus har teke med Resetnik et al. 2007,[4] taksonomien til kinesiske artar følgjer Flora of China[5] og taksonomien til Sinomartagon og Archelirion følgjer Nishikawa et al.[6][7]


Dei sju seksjonane er:



  • Martagon

  • Pseudolirium

  • Liriotypus

  • Archelirion

  • Sinomartagon

  • Leucolirion

  • Daurolirion















































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Nokre artar som tidlegare var med i liljeslekta er blitt flytt til andre slektar. Dette gjeld mellom anna Cardiocrinum, Notholirion, Nomocharis og Fritillaria.



Annan bruk av ordet «lilje» |


Lilje blir òg brukt om store blomar i andre slekter, då gjerne i ei samansetjing, som vasslilje.


Kvinnenamn som Lilja, Lily og Susanna tyder 'lilje'.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Lilium» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2015.





  1. Harold Comber, 1949. "A new classification of the genus Lilium." Lily Yearbook, Royal Hortic. Soc., London. 15:86–105.


  2. Govaerts, R., World Checklist of Selected Plant Families (The Board of Trustees of the Royal Botanic Gardens, Kew.) http://www.kew.org/wcsp/home.do, henta 2013-02-03  Missing or empty |title= (hjelp)


  3. Flora of North America, Vol. 26, Online


  4. Resetnik I., Liber Z., Satovic Z., Cigic P., Nikolic T. (2007). «Molecular phylogeny and systematics of the Lilium carniolicum group (Liliaceae) based on nuclear ITS sequences». Plant Systematics and Evolution 265: 45–58. doi:10.1007/s00606-006-0513-y.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  5. Flora of China, Vol. 24, eFloras.org


  6. Nishikawa Tomotaro, Okazaki Keiichi, Arakawa Katsuro, Nagamine Tsukasa (2001). «Phylogenetic Analysis of Section Sinomartagon in Genus Lilium Using Sequences of the Internal Transcribed Spacer Region in Nuclear Ribosomal DNA». 育種学雑誌 Breeding science 51 (1): 39–46. doi:10.1270/jsbbs.51.39.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  7. Nishikawa Tomotaro, Okazaki Keiichi, Nagamine Tsukasa (2002). «Phylogenetic Relationships among Lilium auratum Lindley, L. auratum var. platyphyllum Baker and L. rubellum Baker Based on Three Spacer Regions in Chloroplast DNA». 育種学雑誌 Breeding science 52 (3): 207–213. doi:10.1270/jsbbs.52.207.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  8. «Lilium pyrophilum in Flora of North America @». Efloras.org. Henta 2013-02-03. 


  9. «Lilium philippinense (Benguet lily)». Shoot Limited. Henta 10 February 2015. 


  10. «Park personnel rear vanishing Benguet lily». Sun.Star Baguio. 13 August 2013. Henta 10 February 2015. 




  • Lilje på Dansk Wikipedia



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...