Lister Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmenyssb.no: kommunefakta«Lister»lister.noregionlister.no


Distrikt i NoregLandskap i NoregGeografi i Vest-Agder


norsk distriktAgderSørlandetVest-Agder fylkeLista-halvøyaLindesnesFlekkefjordSirdalKvinesdalFarsundLyngdalHægebostadFlekkefjordFarsundLyngdalAgdesiden hovedlenChristiansand stiftmarkgrevetittelHugo Octavio AccoramboniLister prostiAgder og Telemark bispedømeLister tingrettAgder lagdømeDalane tingrettGulating lagdømeregionrådetnæringsregionfylkesdelplanfylkestingetVest-Agder fylkeskommuneListerrådet




Lister er namnet på eit norsk distrikt i den vestlegaste delen av landskapet Agder på Sørlandet, og er no ein del av Vest-Agder fylke. Namnet «Lister» kjem frå det gamle namnet på Lista-halvøya, og omfattar kommunane i Agder vest for det sørlegaste punktet i Noreg, Lindesnes.


Lister har til saman 35 302 innbyggjarar (1. juli 2009) og dekkjer 4 175 kvadratkilometer,[1] fordelt på dei seks kommunane Flekkefjord, Sirdal, Kvinesdal, Farsund, Lyngdal og Hægebostad. Dei tre byane i området er Flekkefjord, Farsund og Lyngdal.


Lister-distriktet utgjorde det tidlegare Lister len under Agdesiden hovedlen og Lister fogderi under Christiansand stift. Namnet «Lister» var ein dansk markgrevetittel som blei gjeven til Hugo Octavio Accoramboni i Firenze i 1709.


Distriktet omfattar i dag Lister prosti under Agder og Telemark bispedøme i Den norske kyrkja. Størsteparten av distriktet utgjer domsmyndigheitsområdet til Lister tingrett under Agder lagdøme. Sirdal høyrer derimot til domsmyndigheitsområdet til Dalane tingrett under Gulating lagdøme.


Distriktet samarbeider i regionrådet for Lister, Listerrådet. Det utgjer også næringsregion Lister (NHO). Dei seks listerkommunane har en felles strategisk næringsplan. Planen har status som fylkesdelplan, og blei vedteken av fylkestinget i juni 2006. Planen blei utarbeidd av Vest-Agder fylkeskommune og Listerrådet. Saman med fylkeskommunen har Listerrådet ansvar for å følgje opp planen og setja i gang prosjekt og tiltak. Rådet har vidare koordinerande ansvar for oppfølging. Den første evalueringa av planen fann stad hausten 2008.



Kjelder |



Fotnotar





  1. ssb.no: kommunefakta






  • «Lister» i Store norske leksikon, snl.no.


  • Denne artikkelen bygger på «Lister» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2012.



Bakgrunnsstoff |



  • lister.no

  • regionlister.no




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...