Brekke Innhaldsliste Samferdsle | Kulturminne | Tidlegare Brekke kommune | Brekke kyrkjesokn |...


Bygder i GulenTidlegare kommunar i Sogn og FjordaneSokn i Nordhordland prosti


Gulen kommuneSogn og FjordanekyrkjesoknNordhordland prostiRisnefjordenSognefjordenEivindvikEuropaveg 39Brekke skuledelområdegrunnkrinsFylkesveg 1 i Sogn og FjordaneEuropaveg 39RutledalenRiksveg 57LavikFylkesveg 2 i Sogn og FjordaneHordalandFylkesveg 376 i HordalandRiksveg 570Lavik og BrekkeLavikLavik og BrekkeBorgundNordhordland prostiBrekke kyrkjestavkyrkjekyrkjestadLavikNordhordland prostiKommunale arkivPrivate arkiv



































Brekke
stad

Risnefjorden and Brekke.JPG

Brekke ved Risnefjorden

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune

Gulen



Postnummer
5961 BREKKE

Preposisjon

i Brekke


Wikimedia Commons: Brekke


Brekke er ei bygd i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Brekke har tidlegare òg vore sjølvstendig kommune. Bygda ligg langt ute på vestsida av Risnefjorden, på sørsida av Sognefjorden, knappe fire mils køyring austom kommunesenteret Eivindvik, og 14 kilometer frå ferjestaden Oppedal på Europaveg 39. Brekke skule er barne- og ungdomsskule for Brekke skulekrins som dekkjer austlegaste delen av kommunen.[1] Bygda har òg daglegvarebutikk, kyrkje og eldresenter. Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg i området, mange har arbeidet sitt på fiskeslakteriet i Instefjord inst i Risnefjorden og på oppdrettsannlegga.


Brekke er òg eit delområde og ein grunnkrins i Gulen kommune. Delområdet femner den austre delen av kommunen og er deld inn i fire grunnkrinsar. Dei er frå aust til vest; Oppedal, Asheim, Brekke og Hjartholm. Ved folketeljinga i 2001 budde det til saman 344 personar i delområdet, fordelt på 61 i Oppedal krins, 54 i Asheim krins, 151 i Brekke krins og 78 i Hjartholm krins.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Samferdsle


  • 2 Kulturminne


  • 3 Tidlegare Brekke kommune


    • 3.1 Folketalsutvikling




  • 4 Brekke kyrkjesokn


    • 4.1 Arkiv frå Brekke kommune henta frå Arkivportalen.no




  • 5 Kjelder


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Samferdsle |


Fylkesveg 1 i Sogn og Fjordane går vestover langs fjorden frå Europaveg 39 i Instefjord inst i Risnefjorden til ferjestaden Rutledalen der vegen møter Riksveg 57. Frå Instefjord går Europaveg 39 nord til ferjestaden Oppedal der det går ferje over Sognefjorden til Lavik. Ferjesambandet vart opna i 1955, då gjekk ferja frå Instefjord. Frå 1960 gjekk ferja innom både Instefjord og Brekke, og mellom 1970 og slutten av 1980-talet var det Brekke aleine som var ferjestad på sørsida av sambandet. På slutten av 80-talet vart ferjekaien flytt til Oppedal. Dette gjorde ein for å korte ned ferjetida.[3]


Fylkesveg 2 i Sogn og Fjordane går frå Brekke sørvestover til fylkesgrensa mot Hordaland. Vegen fortset på hi sida av fylkesgrensa som Fylkesveg 376 i Hordaland og gjev samband med Riksveg 570.



Kulturminne |


Våningshuset Lovisendahh i Brekke frå 1760 står på Riksantikvarens fredningsliste (1988). Hovudbygningen vart freda i 1923. Lovisendahl er frå gamalt av embetsmannshus, men har seinare vore nytta både som skule, lærarbustad og paktarbustad.


Naustmiljø i Brekke er kulturminne.



Tidlegare Brekke kommune |


Brekke var eigen kommune i to vender, fyrst frå 1850 til 1861 og så frå 1905 til 1964. I åra mellom var Brekke del av kommunen Lavik og Brekke. Brekke kommune hadde ei flatevidde på 203,44 km ² då han vart ein del av Gulen kommune i 1964.


Brekke kommune vart skipa i 1850 ved at Eivindvik (Evenvik/Evinvig) kommune (som seinare skifte namn til Gulen) vart delt i to. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke kommune.[4] Brekke var eigen kommune fram til 1861 då han vart slegen ihop med Lavik kommune på nordsida av Sognefjorden. Den nye kommunen fekk namnet Lavik og Brekke. Ved samanslåinga budde det 898 personar i Brekke kommune.[5] Lavik og Brekke kommune bestod fram til 1905 då både Brekke og Lavik vart sjølvstendige kommunar att. Ved delinga budde det 982 personar i Brekke kommune.[6] Den andre bolken for Brekke som sjølvstendig kommune varde til og med 1963. 1. januar 1964 vart Brekke ein del av Gulen kommune. Ved samanslåinga budde det 782 personar i Brekke kommune.[7] Før kommunesamanslåingane på 1960-talet, og seinast sidan 1920, var Brekke den nest minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal. Berre Borgund kommune var mindre.


Brekke var ein utprega jordbrukskommune med god jord og gode kår for skogsdrift. I 1960 var det to planteskular og stor hagebærproduksjon i kommunen.Fiskeri var inga stor næring, men mange var sysselsette i kyst- og fraktefart. Kommunen vart forsynt med elektrisk kraft gjennom L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar


I 1960 var det seks skulekrinsar i kommunen, ein udelt, ein tredelt og fire todelte.[8]



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for tidlegare Brekke kommune frå 1905 til 1964:























1905[4]
1910[9]
1.12.1920[10]
1.12.1930[11]
3.12.1946[11]
1.1.1951[12]
1.1.1961[12]
1.1.1964[5]
982
949
852
847
838
788
782
782


Brekke kyrkjesokn |


Brekke er eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Soknet har ei kyrkje, Brekke kyrkje frå 1862.[13]
Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje frå 1590. Før det stod det ei stavkyrkje, som fyrst er nemnd i kjeldene i 1827, på garden Haugland litt sørom noverande kyrkjestad.[14]


Brekke kyrkje (Risnesfjord kyrkje) er nemnd fyrste gong på 1300-talet og var då lokalisert til Haugland i Brekke. I katolske tid har det vore kapell her.


Fram til 1859 høyrde Brekke sokn til Evenvik prestegjeld (seinare kalla Gulen prestegjeld). Mellom 1859 og 1968 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, men frå 1. april 1968 har soknet høyrd til Gulen att og var ein del av Ytre Sogn prosti til det vart lagt ned i 2013.[15] Soknet vart då saman med resten av Gulen og Solund ført over til Nordhordland prosti.



Arkiv frå Brekke kommune henta frå Arkivportalen.no |


Kommunale arkiv


Private arkiv



Kjelder |



  • SSB: Kart som viser delområde, grunnkrinsar og tettstader i Gulen kommune

  • Kart frå 1877 over Brekke kommune på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane



Fotnotar |





  1. «Brekke skule» på nettstaden til Høgskulen i Sogn og Fjordane.


  2. SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen», s. 51


  3. Anders Gjerde: «Ferjestaden Lavik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


  4. 4,04,1 Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53


  5. 5,05,1 Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54


  6. Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53


  7. Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54


  8. Endeleg tilråding frå Kommuneinndelingskomiteen om kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane (1960-1960)


  9. Karianne Schmidt Vindenes:«1905 - Gulen kommune» Henta frå Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


  10. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  11. 11,011,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  12. 12,012,1 Folkemengd i Brekke 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  13. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Brekke kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


  14. «Brekke kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon


  15. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket




Bakgrunnsstoff |



  • «Rutebilane i Brekke» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

  • Om Brekke sokn på nettstaden til Den norske kyrkja





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...