Jens Ludvig Paul Flor Kjelder | NavigasjonsmenyBiografisk informasjon om Jens Ludvig Paul FlorHistorisk...
EinskildmennFødde i 1827Døde i 1887Stortingsrepresentantar 1865-1867Stortingsrepresentantar 1868-1870Stortingsrepresentantar 1871-1873Stortingsrepresentantar 1874-1876Stortingsrepresentantar 1877-1879Stortingsrepresentantar for KristiansundOrdførarar i KristiansundOrdførarar i TrondheimSt. Olavs OrdenNordstjerneordenenNorske handelsfolkNorske bankfolkNorske embets- og tenestefolkFolk frå Kristiansund
15. mars18277. april1887KristiansundTrondheimStortingetOdelstingetOscar II
Jens Ludvig Paul Flor | |
| |
Fødd | 15. mars 1827 Trondheim |
---|---|
Død | 7. april 1887 Trondheim |
Nasjonalitet | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, handelsmann, tollar, bankkasserer |
Jens Ludvig Paul Flor (15. mars 1827–7. april 1887) var ein norsk handelsmann, bankmann, tollar og poltikar frå Kristiansund. Han var stortingsmann frå fødebyen i tida 1865-79.
Flor var son til ein kaptein. 18 år gammal tok han til som handelsbetjent i heimbyen, og dreiv eigen handel frå 1857. I 1863 fekk han jobben som kasserar i den lokale sparebanken, ei stilling han hadde til han i 1877 lukkast å verte tollinspektør i Trondheim.
Flor representerte Kristiansund på Stortinget i fem etterfylgjande stortingsbolkar. På tinget var han 1865-66 medlem i Tollkomiteen, 1868-69 sekretær i Næringskomite nr 1, medlem i Konstitusjonskomiteen 1871 og frå 1872 til 1879 formann i Tollkomiteen. Han var elles sekretær i Odelstinget 1871-73 og i Stortinget 1874-76.
Flor var med i den kongelege tollkommisjonen av 1874, og av den parlamentariske skattekommisjonen av 1877. I 1873 var Flor med i deputasjonen Stortinget sendet til kryninga av Oscar II i Trondheim.
Kjelder |
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Biografisk informasjon om Jens Ludvig Paul Flor NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
|