Rauni Magga Lukkari Innhaldsliste Bibliografi | Bidrag i antologiar | Prisar | Bakgrunnsstoff |...


EinskildkvinnerFødde i 1943NordsamarSamiske forfattararSamiske lyrikararFinske forfattararFolk frå Lapplands länFinske samarNorske samar


Nils-Aslak ValkeapääUtsjokFinlandTanaFinnmarkTromsøNordisk råds litteraturprisRovaniemiFinlandNiko ValkeapääGeorg BuljoNorsk dramatikkfestivalNils Ole OftebroLaila StienLeser søker bok
















Rauni Magga Lukkari

Rauni Magga Lukkari (Fotograf Jan Roger Østby) (15487703555) (cropped).jpg

Fødd
30. september 1943
Utsjoki
Yrke
forfattar, omsetjar, skribent

Rauni Magga Lukkari (fødd 30. september 1943) er ein finsk-norsk samisk forfattar.
Ho blir rekna som ein av dei mest kjente samiske lyrikarane utanom Nils-Aslak Valkeapää.


Lukkari vart fødd i Utsjok i Finland og flytta til Tana i Finnmark, men er no busett i Tromsø der driv ho eit eiga bokforlag – Gollegiella – som gjev ut lydbøker på samisk og ein del tospåklege bøker.


Debutboka hennar, Jienat vulget (Isen går), kom ut i 1980. Allereie frå denne boka er kvinneperspektivet i diktninga hennar tydeleg. Ein kan følge den svikta kvinna i Báze dearvan, Biehtár (1981) og i Mu gonagasa gollebiktasat/Min konges gylne klær (1991) treffer ein den stolte og frie kvinna. 1987 vart ho nominert som samisk kandidat til Nordisk råds litteraturpris for Mørk dagbok (1987). I 1995 kom boka Cálbmemihttu (Øyemål) ut. Klede er temaet i denne parallellutgåva på samisk og finsk. Den står som utstillingstekst til ei samisk kofteutstilling ved länsmuseet i Rovaniemi i Finland.


I 1996 vann ho førsteprisen i det samiske forlaget Davvi Girjis litteraturkonkurranse for beste samiskspåklege originalmanus med diktsamlinga Árbeeadni. Ho er og kjent som prologforfattar med verka Ávvudivttat (2006), som også er gitt ut som lydbok med musikk av Niko Valkeapää og Georg Buljo, og monologen En lykkens mann (2007), der Rauni Magga Lukkari debuterer som teaterforfattar. Stykket vart plukka ut til Norsk dramatikkfestival 2007, og er dramatisert ved Nationalteatret med Nils Ole Oftebro i hovudrolla som den kua nordsamen hundsa av mor si. Stykket skildrar sorgmuntert ein barsk oppvekst i Tanadalen. I april 2008 lanserte Lukkari " Hilsen til" som er diktsamlinga Ávvodivttat som samisk lydbok med norsk tekst. Dikta er gjendikta av Laila Stien og gjeve ut med støtte frå Leser søker bok.




Innhaldsliste






  • 1 Bibliografi


  • 2 Bidrag i antologiar


  • 3 Prisar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Bibliografi |



  • 1980 – Jienat vulget – dikt


  • 1981 – Báze dearvan, Biehtár – dikt


  • 1986 – Losses beaivegirji – dikt


  • 1987 – Mørk dagbok – dikt


  • 1991 - Mu gonagasa gollebiktasat=Min konges gyldne klær - dikt


  • 1995 – Calbmemihttu/Silmämitta – dikt


  • 1996 – Árbeeadni – dikt


  • 1998 – Morslodd – dikt


  • 1999 – Dearvvuodat – dikt


  • 1999 – Farvel – dikt


  • 1999 – The time of the lustful mother – dikt


  • 2006 – Ávvodivttat – dikt (med lydbok)


  • 2007 - En lykkens mann=Lihkkosalmmái - skuespill


  • 2008 – Hilsen til – dikt (med lydbok)


  • 2009 – Lex Sápmi – ja eará joccit/og andre stubber – kåserisamling )


Bidrag i antologiar |



  • 1982 – Ei heil vøa (nordnorsk antologi)


  • 1991 – Å, eg veit meg eit land (antologi)


  • 1997 – Circum polaris (nordnorsk antologi)


  • 1995 – Der veiene tar til (barents-antologi)


  • 2004 – Åvtese jåhta (samisk antologi)


  • 2008 – Ivdnesuotna (samisk antologi)


Prisar |


  • Beste skjønnlitterære originalmanus hos Dávvi Girji 1996 (Árbeeadni)


Bakgrunnsstoff |


  • En lykkens mann – portrett av en sønn

  • Herdet gjennom motgang - av John Gustavsen i Vinduet 1999

  • Intervjuer og portretter registrert i Litteraturnett Nord-Norge om Rauni Magga Lukkari


  • Denne artikkelen bygger på «Rauni Magga Lukkari» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2012.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...