Amal Aden Innhaldsliste Bakgrunn | Bøker | Prisar og utmerkingar | Kjelder | Navigasjonsmeny«Amal...


EinskildkvinnerFødde i 1983Nordmenn av somalisk opphavNorske forfattarar


1983pseudonymetnorsksomaliskDag og TidSomalia

















Amal Aden

Amal-aden-norwegian-author.jpg

Fødd
1983
Somalia
Yrke
skribent

Amal Aden på Commons

Amal Aden (f. 1983) er pseudonymet til ein kvinneleg norsk-somalisk forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant. Ho har vore fast spaltist i Dag og Tid sidan 2013.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Bøker


  • 3 Prisar og utmerkingar


  • 4 Kjelder


    • 4.1 Fotnotar







Bakgrunn |


Amal Aden er fødd i Somalia. I ei av bøkene sine fortel ho om oppveksten sin i heimlandet, der ho levde som gatebarn. Ho kom til Noreg i 1996 som flyktning, men opplevde at norske instansar som barnevernet ikkje makta å hjelpa henne. Etter ei stund hamna ho i rusmiljøet i Oslo og har også levd på gata i byen.[1]


I 2008 debuterte Amal Aden som forfattar med Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne. Ho har seinare skrive mykje om korleis det er å leva som innvandrar i Noreg, om integrering, likestilling og rettane til homofile, særleg homofile innvandrarar.


Forfattaren er sjølv open om at ho er lesbisk og har måtta tola å bli trua for meiningane sine. Etter at ho deltok på homoparaden i Oslo, vakna ho til 146 drapstruslar på telefonsvararen ifølgje henne sjølv.[2]



Bøker |



  • 2008: Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne

  • 2009: ABC i integrering. 111 gode råd om hvordan alle kan bli fullverdige borgere av det norske samfunnet

  • 2009: Min drøm om frihet

  • 2011: Det skal merkes at de gråter – Om likestilling blant somaliere i Norge

  • 2012: Om håpet glipper er alt tapt. Homofile flyktninger.



Prisar og utmerkingar |



  • 2010: Zola-prisen

  • 2010: Buskerud fylkeskommunes likestillingspris

  • 2011: Sentralstyret i YS sin likestillingspris

  • 2012: Lesbetoppen av Gaysir

  • 2012: Amnesty-prisen



Kjelder |



  • «Amal Aden» i Store norske leksikon, snl.no.


Fotnotar |





  1. «Amal Aden», Amal Aden, henta 2018-11-18 


  2. Aftenposten.no, 08.11.13: Jeg ble slått ned av somaliske kvinner. Forfattar: Olga Stokke og Hanne Brønmo. Vitja 08.03.14






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...