The Legend of Zelda: Ocarina of Time Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyThe Essential 50 Part 40:...


Action-eventyrspelDataspel frå 1998Nintendo 64-spelThe Legend of Zelda-spelVirtual Console-spelNintendo Entertainment Analysis and Development-spel


action-eventyrspelNintendo Entertainment Analysis and DevelopmentNintendoNintendo 64Nintendo 64DDmegabitThe Legend of Zelda-serientrekraftaokarinaNintendo GameCubeWii































The Legend of Zelda:
Ocarina of Time
The Legend of Zelda Ocarina of Time.svg

Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie The Legend of Zelda
Plattform(er) Nintendo 64
Utgjeve 11. desember 1998
Sjanger Action-eventyr

The Legend of Zelda: Ocarina of Time er eit action-eventyrspel utvikla av Nintendo Entertainment Analysis and Development og publisert av Nintendo på Nintendo 64. Det vart lansert i Japan 21. november 1998, i Nord-Amerika 23. november og i Europa 11. desember same året. Spelet var opphavleg utvikla for Nintendo 64DD-eininga, men vart i staden gjeve ut på ein spelkassett på 256 megabit, som var den spelkassettypen med den største kapasiteten Nintendo produserte på den tida.


Ocarina of Time er det femte spelet i The Legend of Zelda-serien i høve lanseringsdato, men handlinga er sett før dei første fire spela. Spelaren kontrollerer hovudpersonen i serien, Link, i kongeriket Hyrule. Link fer på ei ferd for å stoppa Ganondorf frå å få tak i trekrafta, ein heilag relikvie som oppfyller ønska til haldaren. Link reiser gjennom tid og forserer ymse katakombar for å vekkje opp dei vise som har krafta til å forsegla Ganondorf. Musikk speler ein viktig rolle for å koma vidare i spelet, og spelaren må læra seg å spela fleire songar på ein okarina.


Speloppsettet til Ocarina of Time introduserte nytt som at ein kan låsa fast siktet på ulike mål og kontekstsensitive knappar, som no har blitt vanlege element i 3D-eventyrspel.[1][2] I Japan har det selt over 800 000 eksemplar i 1998, som gjorde det til det tiande bestseljande spelet det året.[3] I laupet av levetida har Ocarina of Time nådd 1,14 millionar selde eksemplar i Japan og 7,6 millionar globalt[4], og har med det nådd opp som nummer 128 av dei bestseljande spela gjennom tidene.[5]


Ocarina of Time har blitt lansert på nytt fleire gongar, mellom anna på Nintendo GameCube og Wii. Det vart overført til GameCube som ein del av The Legend of Zelda: Ocarina of Time: Master Quest (ゼルダの伝説 時のオカリナ 裏 Zeruda no Densetsu Toki no Okarina Ura, «Ura» tyder motsett side) som inneheld omarbeidde katakombar med nye gåter, og til The Legend of Zelda: Collector's Edition i ein omtrent uendra versjon. Spelet vart også gjeve ut att på iQue Player i 2003 og til Virtual Console-tenesta på Wii i 2007.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Legend of Zelda: Ocarina of Time» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:






  1. The Essential 50 Part 40: The Legend of Zelda: Ocarina of Time


  2. IGN Presents the History of Zelda


  3. 1998年テレビゲームソフト売り上げTOP100


  4. GDC 2004: The History of Zelda


  5. 販売本数ランキング




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad











Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...