Matz Sandman Bibliografi | Kjelder | Navigasjonsmeny«Matz Sandman»utvide hanBIBSYSStore Norske...
EinskildmennFødde i 1948Norske barne- og familieministrarStatsrådar i Regjeringa Brundtland IIIAp-statsrådarNorske embets- og tenestefolkNorske siviløkonomarRådmennFolk frå Ballangen
BallangenBallangennorsktenestemannpolitikarArbeidarpartietsiviløkonomNHHstatsrådbarne- og familieministerGro Harlem Brundtland si tredje regjeringBarne- og familiedepartementetFamilie- og forbrukardepartementetfylkesrådmannBuskerud fylkeskommunerådmannAndøyTromsøBærumClub 7
Matz Sandman | |
Fødd | 19. januar 1948 Ballangen |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
1. verv | Norsk familie- og forbrukerminister |
- periode | 3. november 1990–1. januar 1991 |
- regjering | Brundtland III |
2. verv | Norsk barne- og familieminister |
- periode | 1. januar 1991–15. november 1991 |
- regjering | Brundtland III |
- etterfylgjar | Grete Berget |
Matz Sandman (fødd 19. januar 1948) i Ballangen er ein norsk offentleg tenestemann og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet, utdanna siviløkonom frå NHH.
Han var statsråd og barne- og familieminister i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering i vel eitt års tid, frå 3. november 1990 til 14. november 1991. Han vart dermed den første statsråden i Barne- og familiedepartementet, oppretta 1. januar 1991 for ein stor del på grunnlag av Familie- og forbrukardepartementet, som då vart lagt ned. Frå 3. november 1990 til 31. desember 1990 var Matz Sandman såleis statsråd i Familie- og forbrukardepartementet.
Sandman var fylkesrådmann i Buskerud fylkeskommune frå 1996 og fram til han vart pensjonist i januar 2010. Han har tidlegare vore rådmann i kommunane Andøy, Tromsø og Bærum. I ein periode rett etter at han var ferdig med utdanninga var han økonomisjef i Club 7 i Oslo.
Bibliografi |
1999 95 teser for godt lederskap med forklaringer (saman med Odd Nordhaug) ISBN 82-456-0820-3
2001 Matz mener- Ti år som spaltist i Kommunal rapport ISBN 82-446-0769-6
2001 Lederens Katekismus (Børsens Forlag i København, saman med Odd Nordhaug) ISBN 87-7553-881-4
2006 Lederens bok (saman med Odd Nordhaug) ISBN 82-92735-09-7
Kjelder |
«Matz Sandman». Stortinget.no.
Norske barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsministrar | |
---|---|
Matz Sandman (1991) · Grete Berget (1991-96) · Sylvia Brustad (1996-97) · Valgerd Svarstad Haugland (1997-2000) · Karita Bekkemellem Orheim (2000-01) · Laila Dåvøy (2001-05) · Karita Bekkemellem (2005-07) · Manuela Ramin-Osmundsen (2007-08) · Anniken Huitfeldt (2008-09) · Audun Lysbakken (2009-2012) · Inga Marte Thorkildsen (2012-2013) · Solveig Horne (2013-2018) · Linda Hofstad Helleland (2018-2019) · Kjell Ingolf Ropstad (2019-) |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|