Shawn Crawford Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1978Olympiske meistrar for USASprintarar frå USADeltakarar under sommar-OL 2004Deltakarar under sommar-OL 2008


USAfriidrettsutøvarSør-CarolinaKim CollinsEugeneOregonJustin GatlinMaurice GreeneUsain BoltJamaica

















Shawn Crawford

20090818 Shawn Crawford.jpg

Fødd
14. januar 1978
Van Wyck, South Carolina
Yrke
sprinter

Shawn Crawford på Commons

Shawn Crawford (fødd 14. januar 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Van Wyck i Sør-Carolina. Han vart olympisk meister på 200 meter i 2004 og vann to OL-sølv og ein VM-bronse i sprintøvingar i tida 2001-08.


Frå 2001-sesongen var Crawford i verdstoppen i sprint, særleg imponerte han på 200 meter. Under verdsmeisterskapen 2001 i kanadiske Edmonton fekk han ein bronsemedalje på 200 meter, delt med Kim Collins og på same tid, 20,20 sekundar, som sølvvinnar Christopher Williams.


I juni 2004 gjorde Crawford 100-meteren unna på 9,88 sekundar ved eit stemne i Eugene i delstaten Oregon, hans aller raskaste løp nokon gong. To månader etter, under dei olympiske leikane 2004 i Aten kom han i mål på sterke 9,89, men vart likevel berre fjerdemann, slått med høvesvis fire, tre og to hundredels sekund av dei tre medaljevinnarane; Justin Gatlin, Francis Obikwelu og Maurice Greene. Langt betre lukkast Crawford på 200 m fire dagar seinare, med tida 19,79 sekundar presterte han sitt livs beste løp på distansen og vann tevlinga med over 0,2 sekunds margin til dei andre to medaljevinnarane. Til sist i leikane sprang han startetappen for USA sitt mannskap i 4 x 100 meter stafett, ei tevling som enda med britisk siger og USA-amerikansk sølv, 38,07 sekundar mot 38,08.


Under sommarleikane 2008 i Beijing kneip Crawford sølvmedaljen på 200 m med tida 19,96, men vart stilt heilt i skuggen av Usain Bolt frå Jamaica som sette verdsrekord med sine 19,30 sekundar. Eitt år seinare forbetra Bolt verdsrekorden til fabelaktige 19,19 sekundar då friidretts-VM 2009 fann stad i Berlin, i eit finalefelt der Crawfords tid 19,89 ikkje heldt til meir enn fjerdeplass.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 200 m – 20,20, delt med Kim Collins


  • OL 2004 i Aten: Gull på 200 m – 19,79, sølv i 4 x 100 m stafett og nr 4 på 100 m – 9,89


  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 100 m – 10,28


  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 200 m – 19,96, bakom Usain Bolt (19,30)


  • VM 2009 i Berlin: Nr 4 på 200 m – 19,89



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Shawn Crawford» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2017.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...