I Can't Dance Innhaldsliste Bakgrunn | Musikkvideo | Utgjeving | Konsertversjonar | Innhald |...


Songar frå 1991Singlar frå 1992Genesis-songarNummer-ein-singlar i NederlandSongar skrivne av Tony BanksSongar skrivne av Phil CollinsSongar skrivne av Mike Rutherford


GenesisMike RutherfordPhil CollinsThe ClashShould I Stay Or Should I GoTony BanksmusikkvideoenJim YukichfjernsynsreklamePhil CollinsjeansreklamarBlack or WhiteMichael JacksonremixApollo 440Jesus He Knows MeRay WilsonPeter GabrielAnthony PhillipsChris StewartJohn SilverJohn MayhewMick BarnardSteve HackettRay WilsonThe Silent SunThe Knife (Part 1)Watcher of the SkiesI Know What I Like (In Your Wardrobe)The Carpet CrawlersEntangledA Trick of the TailSpot The Pigeon (EP)Follow You Follow MeMany Too ManyTurn It On AgainDuchess














































I Can't Dance
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance


B-side
«On the Shoreline»

Utgjeve
30. desember 1991[1]

Innspelt
The Farm, Surrey;. mars 1991 — september 1991

Sjanger

Hardrock, bluesrock

Lengd
4:01

Selskap

Atlantic (US), Virgin

Låtskrivar(ar)

Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford

Produsent

Genesis, Nick Davis

Genesis-kronologi
«No Son of Mine»
(1991)

I Can't Dance
«Hold on My Heart»
(1992)




«I Can't Dance» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Han var den andre singelen frå albumet og nådde sjuandeplassen på singellistene i både USA og Storbritannia.[2] I Nederland gjekk singelen heilt til topps på salslista.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Musikkvideo


  • 3 Utgjeving


  • 4 Konsertversjonar


  • 5 Innhald


  • 6 Lister


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Mike Rutherford skapte hovudriffet under innspelinga av albumet. Dette var til ein song han kalla «Heavy A Flat», før Phil Collins brått improviserte «I Can't Dance!». Riffet var inspirert av ein reklame for Levi Strauss & Co. TV som nytta The Clash-song «Should I Stay Or Should I Go». Opphavleg tenkte bandet berre på songen som ein spøk, fordi songen var for enkel, for bluesaktig og for ulik stilen til Genesis. Tony Banks sa i eit intervju «Det var ein av dei musikkstykka du trur aldri kjem til å bli noko av. Det var gøy, men det var ikkje noko spesielt».


Det var først då Banks la på klaver at songen tok ein heilt ny retning og med litt humor inne i biletet valte bandet å spele songen inn skikkeleg.



Musikkvideo |


Den humoristiske musikkvideoen (regissert av Jim Yukich) syner kunstgrepa og den falske glamoren i fjernsynsreklame. Phil Collins sa at vidoeen var laga for å gjere narr av modellane i jeansreklamar, og at kvart vers syner til ting som modellane i desse reklamane gjer. Slutten er ein parodi på videoen til «Black or White» av Michael Jackson.


Songen skapte «I Can't Dance»-dansen som bestod av ei rekkje stive rørsler.



Utgjeving |


Singelen vart gjeven ut med ein lengre remix kalla «Sex Mix». Denne vart sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992 som «12" Mix». Miksane var laga av brørne Howard Gray og Trevor Gray frå Apollo 440.


B-sida «On the Shoreline» vart òg sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992.


På singelutgjevinga av «Jesus He Knows Me» finn ein òg ein miks kalla «I Can't Dance (the other mix)».



Konsertversjonar |


«I Can't Dance» vart spelt på dei fleste konsertane til Genesis etter songen kom ut. Konsertopptak finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, i tillegg til DVDane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.


Ray Wilson, som tok over som songar i Genesis etter Collins, fortsette å spele songen solo etter han slutta i Genesis. Dette var ein meir bluesaktig versjon.



Innhald |







CD maxi - Europa


  1. «I Can't Dance» — 4:02

  2. «On the Shoreline» — 4:47

  3. «In Too Deep» (live) — 5:28

  4. «That's All» (live) — 4:54


CD maxi - USA


  1. «I Can't Dance» (LP version) — 4:00

  2. «On the Shoreline» — 4:45

  3. «In Too Deep» (live) — 5:28

  4. «That's All» (live) — 4:54

  5. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59




7" singel


  1. «I Can't Dance» — 4:01

  2. «On the Shoreline» — 4:46


12" maxi


  1. «I Can't Dance» — 4:02

  2. «On the Shoreline» — 4:47

  3. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59





Lister |



























































Liste (1992)
Plassering
Australia[3]
7
Austerrike[3]
2
Nederland[4]
1
Frankrike[3]
9
Tyskland[5]
4
Irland[6]
7
New Zealand RIANZ Singles Chart[3]
10
Sverige[3]
13
Sveits[3]
8
Storbritannia[7]
7
USA Billboard Hot 100[8]
7
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[8]
26
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[8]
2


Kjelder |



  • Fielder, Hugh (2000). Genesis Archive #2: 1976—1992 [CD liner notes]. Gelring Ltd.


  • McMahan, Scott (1998). «The Genesis Discography» (PDF). Henta 2006-05-12.  Den ukjende parameteren |month= vart ignorert (hjelp)





  1. «Official Genesis Website». Genesis-music.com. Henta 21. oktober 2012. 


  2. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1. 


  3. 3,03,13,23,33,43,5 "I Can't Dance», in various singles charts Lescharts.com (Henta 10 April 2008)


  4. nederlandsk Top 40


  5. Tyskland Charts-surfer.de (Henta 10 April 2008)


  6. Irland Irishcharts.ie (Henta 10 April 2008)


  7. Storbritannia Chartstats.com (Henta 10 April 2008)


  8. 8,08,18,2 Billboard Allmusic.com (Henta 9. august 2008)




Bakgrunnsstoff |



  • Musikkvideo på VH1 Classic























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...