Florence Griffith-Joyner Innhaldsliste Karriere | Dødsfall | Kjelder | NavigasjonsmenyIAAF:...


EinskildkvinnerFødde i 1959Døde i 1998Sprintarar frå USADeltakarar under sommar-OL 1984Deltakarar under sommar-OL 1988Olympiske meistrar for USAFolk frå Los Angeles


21. september1998Mission Viejo21. desember195921. september1998Los AngelesUSAverdsrekorden på både 100 meter og 200 meter sprintAl JoynerJackie Joyner-Kerseesjukampsommar-OL 1980MoskvaboikottaUSAHelsingforssommar-OL 1984Los AngelesValerie Brisco-HooksRomaSilke GladischUSAIndianapolisSeoulCarmelita JeterUSAsommar-OL 1988Evelyn AshfordSeoulJames E. Sullivan AwardSeoulIOKepilepsianfallAmerica's Got TalentAl JoynerIAAF: Verdsrekordane i friidrett for kvinner





















Florence Griffith-Joyner

Florence Griffith Joyner2.jpg

Fødd
21. desember 1959
Los Angeles
Død

21. september 1998
Mission Viejo


Yrke
sprinter

Florence Griffith-Joyner på Commons

Florence Delorez Griffith-Joyner, også kjend som Flo-Jo (21. desember 1959–21. september 1998) var ein sprintar frå Los Angeles i USA. Florence Griffith-Joyner har den gjeldande verdsrekorden på både 100 meter og 200 meter sprint. Desse rekordane sette ho i 1988, og dei har aldri vore i nærleiken av å bli slått. Flo-Jo har difor blitt kalla «den raskaste kvinna i verdshistoria». Frå 1987 var ho gift med tresteghopparen Al Joyner, bror til Jackie Joyner-Kersee, kvinna som held verdsrekorden i sjukamp.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


    • 1.1 1988


    • 1.2 Dopingrykte




  • 2 Dødsfall


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Bakgrunnsstoff







Karriere |


Florence Griffith viste tidleg talent for sprint og kvalifiserte seg opphavleg i 100 meter til sommar-OL 1980 i Moskva. Av di desse leikane vart boikotta av fleire land, m.a. USA, fekk ho ikkje delta. I 1983 deltok ho i VM i friidrett i Helsingfors og kom på ein fjerdeplass på 200 meter sprint. Neste år fekk ho OL-debutera under sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her sprang ho inn til sølvmedalje på 200 meter på tida 22,04. Gullet gjekk likevel til USA, då vinnaren vart Valerie Brisco-Hooks. I 1987 deltok Florence Griffith-Joyner under VM i friidrett i Roma. Ho tok sølv på 200 meter bak austtyske Silke Gladisch. Under 4 x 100 meter stafett var ho med på å ta gull for USA.



1988 |


1988-sesongen vart det verkeleg store året for Griffith-Joyner. Flo-Jo var i Indianapolis i juli under ein kvartfinale til kvalifiseringa til OL i Seoul. Den 16. juli sprang ho 100 meter på 10,49 sekund. Dette er gjeldande verdsrekord, og sjølv om nokre meiner at Griffith-Joyner hadde medvind, viste ikkje vindmålarane noko medan ho sprang. Den som har kome nærmast til å slå rekorden er Carmelita Jeter frå USA med tida 10,64.


Griffith-Joyner vart med rette ein storfavoritt til sommar-OL 1988. Ho vann 100 meter-finalen på 10,54 framfor landskvinna Evelyn Ashford. I semifinalen på 200 meter sette Florence Griffith-Joyner ny verdsrekord med 21,56 sekund, men slo denne igjen i finalen den 29. september. Den nye og gjeldande verdsrekorden kom på 21,34 sekund. Også i stafett var Flo-Jo med på å hausta gullmedalje for heimlandet i Seoul. Ho trekte seg tilbake frå toppidretten same året, rett etter at ho hadde vunne idrettsprisen James E. Sullivan Award. 100-meterfinalen frå Seoul vart kåra til nummer 98 på dei 100 største sportsaugneblinkane på britisk fjernsyn i 2002.



Dopingrykte |


Det gjekk mange rykte om at Florence Griffith-Joyner brukte doping. Ein tidlegare leiar i IOK uttalte i 1998 at Griffith-Joyner vart særskilt testa under OL i Seoul nettopp på grunn av desse rykta, men at dei aldri fann spor av doping i henne.



Dødsfall |


Florence Griffith-Joyner døydde brått då ho blei kvalt under eit epilepsianfall som ho fekk i søvne, 38 år gamal. Ho etterlét seg mannen Al og dottera Mary Ruth Joyner (f. 1990). Dottera har sjølv prøvd seg innan idretten, men har i staden engasjert seg i musikk og dans. M.a. deltok ho som songar i America's Got Talent i 2012. Al Joyner har seinare gifta seg opp att.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Florence Griffith-Joyner» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.



Bakgrunnsstoff |


IAAF: Verdsrekordane i friidrett for kvinner





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...