Presidenten i India Innhaldsliste Valmåte | Embetsbustad | Indiske presidentar sidan 1950 | Kjelder |...


Indiske presidentarIndisk politikkPresidentar


engelskhindistatsoverhovudRepublikken Indiaøvstkommanderandedet indiske forsvaretstatsministerenRam Nath Kovinddet indiske parlamentetLok SabhaRajya SabhaVisepresidentenRashtrapati BhavanNew DelhiThe Retreat BuildingChharabraShimlaRashtrapati NilayamHyderabad






Presidentpalasset Rashtrapati Bhavan, bygd under den britiske kolonitida.


Presidenten i India (engelsk President of India, hindi राष्ट्रपति, rashtrapati, 'riksherre') er statsoverhovud i Republikken India og øvstkommanderande for det indiske forsvaret. Medan artikkel 53 i Grunnloven seier at presidenten kan utøva myndigheit direkte,[1] blir all myndigheit som tilhøyrer presidenten med visse unntak utøvd av den sitjande regjeringa med statsministeren i spissen.


Den noverande presidenten er Ram Nath Kovind, som blei svoren inn 25. juli 2017.




Innhaldsliste






  • 1 Valmåte


  • 2 Embetsbustad


  • 3 Indiske presidentar sidan 1950


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Valmåte |


Presidenten blir vald av medlemmene i det indiske parlamentet (Lok Sabha og Rajya Sabha) og av dei lovgjevande delstatsforsamlingane (Vidhan Sabha). Valperioden er fem år, og ein sitjande president har lov til å stilla til gjenval. Det blir brukt ein formel for å fordela stemmer slik at det blir balanse mellom folketalet i kvar delstat og talet på stemmer som representantar i delstatsforsamlingane kan gje, og ein likeverdig balanse mellom medlemmer av delstatsforsamlingane og parlamentsmedlemmer. Dersom ingen kandidat får stemmefleirtal blir tapande kandidatar eliminerte frå valet og stemmer for dei blir overført til andre kandidatar, fram til éin kandidat får fleirtal. Visepresidenten blir vald gjennom direkte avstemming der alle representantar i Lok Sabha og Rajya Sabha tek del.



Embetsbustad |


Presidenten av India held til i Rashtrapati Bhavan («President-bygningen») i New Delhi. Presidenten har også offisielle embetsbustader i The Retreat Building i Chharabra ved Shimla og Rashtrapati Nilayam i Hyderabad.



Indiske presidentar sidan 1950 |












































































































Nr.
Bilde
Namn
Tilltredde
Avgjekk
1.

Food Minister Rajendra Prasad during a radio broadcast in Dec 1947 cropped.jpg

Rajendra Prasad
26. januar 1950
13. mai 1962
2.

Radhakrishnan.jpg

S. Radhakrishnan
13. mai 1962
13. mai 1967
3.


Zakir Hussain
13. mai 1967
3. mai 1969
4.


Varahagiri Venkata Giri
24. august 1969
24. august 1974
5.


Fakhruddin Ali Ahmed
24. august 1974
11. februar 1977
6.

NeelamSanjeevaReddy.jpg

Neelam Sanjiva Reddy
25. juli 1977
25. juli 1982
7.


Giani Zail Singh
25. juli 1982
25. juli 1987
8.

R Venkataraman.jpg

R. Venkataraman
25. juli 1987
25. juli 1992
9.

Shankar Dayal Sharma 36.jpg

S.D. Sharma
25. juli 1992
25. juli 1997
10.

K. R. Narayanan.jpg

K.R. Narayanan
25. juli 1997
25. juli 2002
11.


A.P.J.Abdul Kalam
25. juli 2002
25. juli 2007
12.

Pratibha Patil 2.jpg

Pratibha Patil
25. juli 2007
25. juli 2012
13.

Pranab Mukherjee.jpg

Pranab Mukherjee
25. juli 2012
25. juli 2017
14.

President Ram Nath Kovind awards the President’s Colour to the Submarine Arm of Indian Navy (4) (cropped).jpg

Ram Nath Kovind
25. juli 2017
Sitjande


Kjelder |




  1. Justisdepartementet i India: Constitution of India, 94. Amendment Act, s. 26.



  • Denne artikkelen bygger på «Indias president» frå Wikipedia på bokmål, og «Indiens president» frå Wikipedia på svensk den 26. april 2014.



Bakgrunnsstoff |




  • Offisiell nettstad (engelsk)


  • Tidlegare presidentar av India ved den offisielle nettstaden




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...