Nord-Afrika Innhaldsliste Kultur | Historie | Sjå òg | Geografiske område |...


Nord-AfrikaAfrika


AfrikaSaharaspråklegkultureltklimamessigVest-SaharaTunisiaMarokkoAlgerieLibyaEgyptMauritaniaSudanEtiopiaEritreaArabiaislamAfrikaMidt-AustenkristnejødararabiskeberberspråkMaghrebSaharaNildalennubiarargrekararfønikararromararvandalaroasarbeduinartuaregarfaraotidadet gamle EgyptkoptararnilotarnubaerSaharaørkensivilisasjonarfønikaraneromaraneMarokkoDet osmanske riketFrankrikeStorbritanniaSpaniaItaliaVest-Saharajødisksefardiske jødarrenessansetidaFrankrikeIsrael






Landa i Nord-Afrika


Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelatt.




Innhaldsliste






  • 1 Kultur


  • 2 Historie


  • 3 Sjå òg


  • 4 Geografiske område





Kultur |




Frå Casbah i Marokko. (Foto: Andy Wright)


Innbyggjarane og kulturen i Nord-Afrika har røter frå både Afrika og Midt-Austen, men dei er i dag mest knytte til den arabisk-talande muslimske verda. Fleirtalet av menneska som bur der er muslimar, men ein finn òg kristne og jødar. Hovudspråka i området er ulike arabiske dialektar og berberspråk.


Ein kan dela regionen inn i tre ulike kulturelle område: Maghreb i nordvest), Sahara, og Nildalen i aust.


Dei vestlege områda i Maghreb og Sahara er prega av berbisk og arabisk kultur, i tillegg til tidlegare påverknad frå middelhavsfolk som nubiarar, grekarar, fønikarar, romarar og vandalar. I Sahara går eit skilje mellom fastbuande i oasar og nomadiske beduinar og tuaregar.


Nildalen kan spora kulturen sin tilbake til faraotida i det gamle Egypt, og har i tillegg til ein muslimsk majoritet grupper av kristen koptarar. Lenger sør i området bur hovudsakleg ikkje-muslimske nilotar og nubaer.



Historie |




Spor etter kartaginarar og romararar i Libya. (Foto: Robert Bamler)


Opphavleg var innbyggjarane i det meste av Nord-Afrika svarte afrikanarar, men mange av desse forlet området då Sahara vart ein ørken. Ein av verdas eldste sivilisasjonar oppstod i Egypt for fem tusen år sidan. Sidan grunnla fønikarane og romarane koloniar langs kysten.


Området vart invadert av muslimske arabarar på 600-talet, og regionen med unntak av Marokko kom sidan med i Det osmanske riket. På 1800-talet vart det kolonisert av Frankrike, Storbritannia, Spania og Italia. Alle dei nordafrikanske statane vart sjølvstendige på 1950- til 1970-talet, bortsett frå nokre små spanske koloniar lengst nord i Marokko, og Vest-Sahara, som fortsatt er okkupert av Marokko.


Området hadde tidlegare ein stor jødisk busetnad, sefardiske jødar, som var komne dit under europeiske forfølgingar i renessansetida.
Dei fleste av desse emigrerte til Frankrike eller Israel då dei nordafrikanske landa fekk sjølvstende. Medan det fanst 600 000–700 000 jødar i området før Israel blei til, er det i dag igjen berre rundt 15 000 i regionen.



Sjå òg |



  • Magreb

  • Afrika sør for Sahara



Geografiske område |































































































Nasjon med flagg
Areal
(km²)
Befolkning
(1. juli 2002 est)
Folketetthet
(per km²)

Hovudstad

Nord-Afrika:

Flag of Algeria.svg Algerie
2 381 740
32 277 942
13,6

Alger

Flag of Egypt.svg Egypt
1 001 450
70 712 345
70,6

Kairo

Flag of Libya.svg Libya
1 759 540
5 368 585
3,1

Tripoli

Flag of Morocco.svg Marokko
446 550
31 167 783
69,8

Rabat

Flag of Djibouti.svg Djibouti
23 000
472 810
20,6

Djibouti

Flag of Eritrea.svg Eritrea
121 320
4 465 651
36,8

Asmara

Flag of Ethiopia.svg Etiopia
1 127 127
67 673 031
60,0

Addis Abeba

Flag of Somalia.svg Somalia
637 657
7 753 310
12,2

Mogadishu

Flag of Mauritania (1959–2017).svg Mauritania
1 030 700
2 828 858
2 7

Nouakchott

Flag of Djibouti.svg Djibouti
23 000
472 810
20,6

Djibouti

Flag of Eritrea.svg Eritrea
121 320
4 465 651
36,8

Asmara

Flag of Ethiopia.svg Etiopia
1 127 127
67 673 031
60,0

Addis Abeba







































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...