Dei store atten koralpreludia Innhaldsliste Historie | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyThe...


Orgelverk av Johann Sebastian Bach


koralpreludiumorgelJohann Sebastian BachLeipzigWeimarOrgelbüchleinSchübler-koralaneClavier-ÜbungWeimarWilhelm Ernst av Sachsen-WeimarlutherskKöthenTomaskyrkjaNasjonalbiblioteket i BerlinClavier-Übungtriosonaterkanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her»Der Kunst der Fuge






Johann Sebastian Bach, 1746


Dei store atten koralpreludia, BWV 651–668, er ei samling koralpreludium for orgel av Johann Sebastian Bach i Leipzig det siste tiåret han levde, 1740-1750, frå tidlegare verk han komponerte i Weimar, der han var hofforganist. Verka dannar ei omfattande samling av storskala koralpreludium i forskjellige stilar som går tilbake til det førre hundreåret, som Bach gradvis utvikla gjennom karrieren sin. I lag med Orgelbüchlein, Schübler-koralane og den tredje boka i Clavier-Übung, representerer dei høgdepunktet i Bachs kyrkjemusikk for soloorgel.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kjelder


    • 2.1 Referansar




  • 3 Bakgrunnsstoff





Historie |


Tidlege utgåver av nesten alle koralpreludia meiner ein går tilbake til 1710–1714, då Bach var hofforganist og konsertmeister i Weimar, i hoffet til Wilhelm Ernst av Sachsen-Weimar.[2]
Hertugen var ein musikkelskar og inderleg luthersk, og Bach komponerte både verdslege og liturgiske orgelverk i det som var den mest produktive perioden hans for orgelverk.


Då Bach seinare starta i andre stillingar i Köthen i 1717 og som kantor i Tomaskyrkja i Leizpig i 1723, var han ikkje nøydd til å komponere for orgel lenger. Det signerte manuskriptet av Dei store atten, som i dag vert bevart i Nasjonalbiblioteket i Berlin, dokumenterer at Bach starta å førebu denne samlinga rundt 1740, etter å ha gjort ferdig del 3 i Clavier-Übung i 1739. Manuskriptet består av tre delar: seks triosonater for orgel BWV 525–530 (1727-1732); kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her» BWV 769, lagt til samstundes med koralpreludia (1739-1750); og ei tidleg utgåve av Nun komm' der heiden Heiland (1714-1717), lag til etter Bach døydde.[3]


Dei første tretten koralpreludia BWV 651–663 vart lagt til av Bach sjølv mellom 1739 og 1742, og seinare supplert med BWV 664 og 665 i 1746–7. I 1750, då Bach hadde byrja å verte blind før han døydde i juli, vart BWV 666 og 667 diktert til ein av studentane sine og svigersonen Johann Christoph Altnikol, og så lagt til i manuskriptet etter han døydde. Berre den første sida av det siste koralpreludiet, BWV 668, den såkalla «dødsleiekoralen», har overlevd, nedskrive av ein ukjend noteskrivar.[4] Stykket vart gjeve ut posthumt i 1751 som eit vedlegg til Der Kunst der Fuge, med tittelen Wenn wir in höchsten Nöthen sein (BWV 668a), i staden for originaltittelen Vor deinen Thron tret ich hiermit.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Great Eighteen Chorale Preludes» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


    • Bach, Johann Sebastian (1999), Die Achtzehn Grossen Orgelchoräle BWV 651-668 und Canonische Veränderungen über «Vom Himmel Hoch” BWV 769. Faksimile der Originalhandschrift mit einem Vorwart herausgegeben von Peter Wollny. [Staatsbibliothek, Berlin, Bach P. 271], Laaber . Facsimile of original manuscript P 271 in the Berlin State Library


    • Bach, Johann Sebastian (1970), Orgel Music. The Bach-Gesellschaft edition, Dover, ISBN 0-486-22359-0 


    • Stinson, Russell (2001), J.S. Bach's Great Eighteen Orgel Korals, Oxford University Press, ISBN 0-19-516556-X 


    • Williams, Peter (1980), The Orgel Music of J.S. Bach, Volume II: BWV 599-771, etc., Cambridge Studies in Music, Cambridge University Press, ISBN 0-521-31700-2 


    • Williams, Peter (2007), J.S. Bach: A Life in Music, Cambridge University Press, ISBN 0-521-87074-7 


    • Wolff, Christoph (1993), The Deathbed Koral: Exposing a Myth, Bach. Essays on his Life og Music, Harvard University Press 


    • Wolff, Christoph (2000), Johann Sebastian Bach. The Learned Musician, Oxford University Press 


    • Yearsley, David (2002), Bach og the Meanings of Counterpoint, Cambridge University Press, ISBN 0-521-80346-2 





Referansar |





  1. Stinson 2001


  2. Williams 1980, s. 124


  3. Stinson 2002, s. 29-30


  4. Stinson 2002, s. 30




Bakgrunnsstoff |



  • The Great Eighteen: Gratis notar på International Music Score Library Project




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Nässjö kommun Tettstader | Kjelder | NavigasjonsmenyeVIAFISNIGeoNamesMusicBrainz (area)

Kvitkval Innhaldsliste Taksonomi og utvikling | Utsjånad og levevis | Utbreiing | Åtferd |...