Kadima Innhaldsliste Politikk | Namneregistrering | Leiarar og valresultat | Kjende medlemar |...
Israelske politiske partiSentrumspartiLiberale partiSkipingar i 2005
hebraiskpolitisk partiIsraelAriel Sharon21. november20052006Ehud OlmertliberaltvenstrehøgrealliansenLikudvegkartet for fred i MidtaustenVestbreidda av JordanelvaJerusalemKnessetEhud OlmertTzipi Livni
| Kadima | |
| | |
| Ideologi | Sentrumsnær liberalisme |
|---|---|
| Oppretta | 21. november 2005 |
| Farge | Blå |
| Partileiar | Ehud Olmert |
| Nettstad | www.kadimasharon.co.il |
Kadima (hebraisk קדימה, Qādīmāh, norsk 'Framover') er eit tidlegare politisk parti i Israel. Det vart grunnlagd av Ariel Sharon den 21. november 2005. Etter at Sharon vart sjuk i januar 2006, tok Ehud Olmert over leiinga av partiet. Partiet var i regjering frå 2006 til 2009, men mista deretter mykje makt og gjekk gjennom splittingar. Det blei seinare oppløyst, og stilde ikkje til val i 2015.
Innhaldsliste
1 Politikk
2 Namneregistrering
3 Leiarar og valresultat
4 Kjende medlemar
Politikk |
Kadima er eit nasjonalistisk og liberalt sentrumsparti, noko til venstre i høve til Sharon sitt gamle parti, høgrealliansen Likud. Partiet stør i hovudsak opp om vegkartet for fred i Midtausten, og arbeider for prinsippet «land for fred». Partiet vil likevel ikkje at Israel skal trekkja seg ut frå heile Vestbreidda av Jordanelva, og heller ikkje Jerusalem. Partiet ser på jerusalem som Israel sin udelelege hovudstad.
Namneregistrering |
Sharon vurderte først å kalla partiet sitt Ahrayut Leumit (אחריות לאומית), noko som tyder «Nasjonalt ansvar». Eit anna alternativ var HaTihkva (Von). Då partiet vart registrert den 24. november 2005 valde ein til slutt å kalla det Kadima.
Leiarar og valresultat |
Ved valet i mars 2006 vart Kadima Israel sitt største politiske parti, med 28 mandat i Knesset. Likud blei leiar for ei koalisjonsregjering med Ehud Olmert som statsminister. Sjølv om Kadima også var det største partiet ved valet i 2009 med Tzipi Livni som leiar, fekk det ikkje regjeringsmakt og måtte gå i opposisjon. I 2012 vart Livni vraka som leiar til fordel for den meir konservative Shaul Mofaz. Ein fløy av partiet braut ut og grunnla eit senter-venstreparti, Hatnuah, med Livni som leiar. Ved valet i 2013 vart Kadima det minste partiet i Knesset med berre to mandat. Det stilte ikkje til val i 2015.
Kjende medlemar |
Viktige personar som gjekk over frå Likud:
- Visestatsminister Ehud Olmert
- Forsvarsminister Shaul Mofaz
- Turistminister Avraham Hirchenson
- Justisminister Tzipi Livni
- Tryggleiksminister Gideon Ezra
- Transportminister Meir Sheetrit
Knessetrepresentant Marinah Solodkin
- Knessetrepresentant Ronni Bar-On
- Knessetrepresentant Ruhamah Avraham
- Knessetrepresentant Eli Aflalo
- Knessetrepresentant Ze'ev Boym
- Knessetrepresentant Majallie Whbee