Firkantfolket Donald Duck og firkantfolket | Litteratur | Navigasjonsmeny


Disney-teikneseriar


Donald DuckOle, Dole og DoffenCarl BarksCarl Barks1949AndebyeggAndesfjellaOle, Dole og Doffennynorsk18631868VossNoregnynorskAlabamaVossbokmålspråkstridenKeno Don RosaOnkel SkrueGulbrand GråsteinHakkespettboka




Firkantfolket er eit folk Donald Duck og Ole, Dole og Doffen møter på ein ekspedisjon til Andesfjella i historia «Eggemysteriet» av Carl Barks.



Donald Duck og firkantfolket |


Firkantfolket dukkar opp i historia «Eggemysteriet», som Carl Barks var opphavsmannen til (originaltittel «Lost in the Andes», Donald Duck Four Color no. 223, april 1949).


I Andeby museum fell ein firkanta stein i golvet medan 4. assisterande vaktmeister Donald tørkar støv. Det syner seg at det ikkje er ein stein, men eit 100 år gamalt firkanta egg. Etter det ein veit om, kom «steinen» frå Andesfjella.


Donald og onkelungane Ole, Dole og Doffen dreg på ekspedisjon til dei inste avsidesliggjande Andesfjella. I ein djup dal legg dei merke til at det meste er firkanta. Brått kjem det ein merkjeleg person som syng. Han har firkanta hovud og firkanta nase. I den norske omsetjinga syng han «På Vossevangen der vil eg bu, der veks det kløver yver heia». I den amerikanske versjonen syng han på sørstatshymna «Dixie»: Oh, ah wish ah was in Dixie! Hooray! Hooray!


I starten skjønar ikkje Donald & Co. kva firkantmannen syng, men etter kvart skjønar dei at målforma er nynorsk med preg av «vossamaol». Det syner seg at professor Tron Dreyerdal budde i dalen frå 1863 til 1868 Han kom opphavleg frå Voss i Noreg, og lærde firkantfolket å tala nynorsk med vossasvip (i originalen heiter han Rhutt Betler og kjem frå «Bumminham, Alabama»). I tillegg lærde han dei å setja pris på alt som har med Voss å gjera. Firkantfolket bur i den firkanta byen «Gufseplassen» (engelsk Plain Awful, noko som kan omsetjast med «beintfram grufullt»).


Teikneserien vart utgjeven i Noreg våren 1963, og vart mykje omtala grunna bruk av nynorsk i omsetjinga. Bladet Donald Duck vert i Noreg utgjeve på bokmål, slik at innslaget av nynorsk vekte merksemd. På eit vis gjekk firkantfolket og Eggemysteriet inn i den norske språkstriden. Av enkelte nynorskfolk vart det teke ille opp at nynorsk vart skildra som knapt skjønleg, og i tillegg knytt til eit merkverdig folk i avsidesliggjande strok. Slik kan ein seia at nynorsk vart låtteleggjort.


I ettertid har «Eggemysteriet» vorte ein teikneserieklassikar, som av lesarane vart kåra til den beste Donald-historia i norsk samanheng. I alle høve er det den mest omtala Donald- historia i Noreg.



Oppfølgjaren |


Keno Don Rosa skreiv seinare ein oppfølgjar til soga, som fortel korleis Donald, gutane og Onkel Skrue reiser attende til Gufseplassen for å attføre to firkanta hanar som lengtar heim. I mellomtida har folket på Gufseplassen skift både klesdrakt og dialekt, og ber same klede som Donald (blå matrosdress). Dei ter seg og som han. Dette tyder berre at indianarane i området møter andre folk så sjeldan at ein einaste framand fører til store sosiologiske omskifte. Etter møtet med Skrue skiftar dei klesdrakt og stil nok ein gong, etter mønster av Skrue. Gulbrand Gråstein er og med i soga, og mange av dei innfødde tek opp klesdrakta hans med. Enden på visa blir at gutane let eit eksemplar av Hakkespettboka til dei yngre indianarane, «for å vera på den sikre sida».



Litteratur |



  • Gisle, Jon: Donaldismen : et muntert-vitenskapelig studie over Donald Duck og hans verden, Oslo 1973.

  • Schetne, Heidi: Fra sørstatsdialekt til vossamaol, Bergens Tidende 12. juli 2003.




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...