Finn Blakstad Kjelder | NavigasjonsmenyStortingsbiografiPolSys


EinskildmennFødde i 1865Døde i 1941Stortingsrepresentantar 1907-1909Stortingsrepresentantar 1910-1912Stortingsrepresentantar 1913-1915Stortingsrepresentantar 1931-1933Folk frå AskerFolk frå Sørum


24. januar194115. januar186524. januar1941AskerHøgreStortingetWilhelm Blakstad
landbrukshøgskulenØyestadAust-AgderSørumAkershus




















Finn Blakstad

Finn Blakstad.jpg

Fødd
15. januar 1865
Blakstad
Død

24. januar 1941


Yrke
bonde, politikar

Finn Blakstad (15. januar 1865–24. januar 1941) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Asker. Han representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1906 til -15 og 1931-33. Wilhelm Blakstad var bror hans.


Blakstad var frå storgarden Blakstad i Asker. Han tok eksamen frå
landbrukshøgskulen på Ås i 1884 og var i seks år gardsfullmektig. I 1890 kjøpte han garden Bråstad i Øyestad i Aust-Agder og var gardbrukar der til 1911, då han kjøpte garden Borgen i Sørum i Akershus.


Blakstad var medlem 1895-1907 av heradsstyret i Øyestad, ordførar dei siste seks åra. Frå 1906 representerte han einmannskrinsen Nedenes på Stortinget. Han var 1906-09 medlem av Protokollkomiteen, og 1910-12 formann i Jarnbanekomiteen og medlem i Valkomiteen. Perioden 1913-15 heldt han fram som stortingsmann, men då frå einmannskrinsen Nedre Romerike og som medlem i Vegkomiteen. Etter mange år ute av Stortinget, var han stortingsrepresentant frå Akershus fylke valbolken 1931-33, medlem i Skog- og vassdragskomiteen.


Blakstad var med i fleire statlege nemnder, så som Lønnskommisjonen av 1919 og Skattelovkommisjonen av 1929.



Kjelder |


  • Stortingsbiografi




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...