Jaco Pastorius Innhaldsliste Biografi | Musikalsk betyding | Prisar og utmerkingar | Pastorius I Noreg...


EinskildmennFødde i 1951Døde i 1987USA-amerikanske bassistarUSA-amerikanske låtskrivararFolk frå FloridaMyrda musikararWeather Report-medlemmarBlood, Sweat & Tears-medlemmarUtvalde artiklar 2011


1. desember1951NorristownPennsylvania21. september1987Fort LauderdaleFloridaamerikanskbassistbipolar lidingFort LauderdaleOakland ParkFloridabaseballbasketballamerikansk fotballtrommeslagarelektrisk bassSupremesNancy WilsonIra SullivanWayne CochranPeter GravesPat MethenyPaul BleyUniversity of MiamijazzrockbandetBlood, Sweat & TearsJoni MitchellHerbie HancockgrammyprisarWeather ReportHiram BullockKenwood DennardBiréli LagrènealkoholkokainPeter Erskinebipolar lidingpsykiatrisk klinikklitiumterapiPeter GravestegretolCarlos SantanaWilton Manors, Floridaforsettleg drapuaktsamt drapQueen Marybandlause elbassenflageolettarJoe ZawinulWeather ReportMarcus MillerVictor BaileyCharlie ParkerJimi HendrixGrammy AwardsMoldejazzWord of MouthKetil Bjørnstad































































Jaco Pastorius
Weather Report (Jaco Pastorius).jpg
Jaco Pastorius med Weather Report i Convocation Hall, Toronto, 27. november 1977
Foto: Jean-Luc

Fødd 1. desember 1951
Fødestad Norristown i Pennsylvania
Død
21. september 1987 (35 år)
Dødsstad
Fort Lauderdale i Florida
Fødenamn John Francis Anthony Pastorius, III
Alias "Mowgli"
Opphav USA
Aktiv 1964–1987
Sjanger
Jazz, jazzfusion, bigband
Instrument Bass, trommer, piano, korvokal, mandocello, steeltrommer
Kjende instrument Fender Jazz Bass
Tilknytte artistar
Weather Report, Herbie Hancock, Pat Metheny, Joni Mitchell, Trio of Doom, Blood, Sweat & Tears, Word of Mouth,
Plateselskap
Epic, Warner Bros., Columbia, ECM, CBS, Elektra
Verka som Musikar, låtskrivar, produsent, lærar



Jaco Pastorius med Weather Report i Shinjuku Koseinenkin-hallen i Tokyo (1981)
Foto: Jun Tendo





Jaco Pastorius under ein konsert i Bologna, 1986


John Francis «Jaco» Pastorius III (fødd 1. desember 1951 i Norristown i Pennsylvania, død 21. september 1987 i Fort Lauderdale i Florida) var ein innovativ amerikansk bassist som har ei stor rolle i den nyare jazzhistoria,[1] og som blir rekna som ein av verdas mest innflytelsesrike elbassistar.


Han hadde ein spelestil som utmerkte seg med virtuose soli i det høge bassregisteret, flageolettspel i alle posisjonar og ein «syngande» tone. Frå 1979 gav han bass-solokonsertar der han stod aleine på scena. Credoet hans hans var: «Eg spelar bass som om eg spelar med menneskestemma. Eg spelar som eg snakkar.»[2][3]


Pastorius fekk diagnosen bipolar liding i 1982 og døydde i 1987 etter eit slagsmål utanfor ei skjenkestove i Fort Lauderdale.


I 1988 valde lesarane av jazztidsskriftet Down Beat Pastorius inn i Jazz Hall of Fame[4] som den einaste el-bassisten og som ein av fire bassistar totalt.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


    • 1.1 Barne- og ungdomstid


    • 1.2 Karriere


    • 1.3 Misbruk og depresjonar


    • 1.4 Død




  • 2 Musikalsk betyding


  • 3 Prisar og utmerkingar


  • 4 Pastorius I Noreg


  • 5 Diskografi i utval


    • 5.1 Soloalbum


    • 5.2 Studioarbeid og gjesteopptreden


    • 5.3 Med Weather Report




  • 6 Litteratur


    • 6.1 Leksikografiske oppføringar




  • 7 Referansar


  • 8 Bakgrunnsstoff





Biografi |



Barne- og ungdomstid |


Pastorius var son av storbandsongaren og slagverkaren John Francis Pastorius II og Verna Katarina Haapala[5] og var etterkommar etter tyske, irske, finske og svenske innvandrarar.[6] Kort tid etter at han var fødd flytta familien til Oakland Park i Florida. Han gjekk på Northeast High School[7] og var ein talentfull idrettsmann, god i baseball, basketball og amerikansk fotball. Han starta òg opp si musikalske karriere[8] og spelte i fleire skoleband. Femten år gammal blei han med som trommeslagar i bandet The Las Olas Brass. Eit skada handledd gjorde det vanskeleg å spele trommer, så etter ei tid blei han erstatta av ein ny trommis samtidig som bassisten Kenny Neubauer forlèt bandet, og da skifta Pastorius instrument til elektrisk bass.[9]


På undervisningsvideoen Modern Electric Bass seier Jaco Pastorius: «Eg skada handleddet mitt da eg spelte football, noko som fekk meg til å satse på bassen.»



Karriere |


Pastorius spelte med Supremes og Nancy Wilson på lokale klubbar; han spelte òg med Ira Sullivan, Wayne Cochran og Peter Graves og det førte til at han fort fekk eit namn innom musikk-klubbmiljøet i Sør-Florida. Som medlem av husbandet Bachelors III Club i Fort Lauderdale kom han i kontakt med Pat Metheny og Paul Bley. Etter nokre semester ved University of Miami blei han i 1976 sjølv jazzlærar ved Frost School of Music i same by.


I 1975/76 spelte han med jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears. Kort tid etter var han med på opptaka til Joni Mitchell sitt album Hejira. Han gav òg ut sitt eige soloalbum, Jaco Pastorius, der blant andre Herbie Hancock medverka. Dette albumet blei nominert til to grammyprisar. I april same år blei Pastorius med i gruppa Weather Report som han var med i fram til 1982. Det var her han feira sine største triumfar.[10] Frå 1979 gav han fleire bass-solokonsertar, blant anna ved festivalen JazzFest Berlin. Frå 1981 hadde han sitt eige storband, Word of Mouth, der han kunne utfalde seg som komponist. I smågruppe-samanheng spelte han med Hiram Bullock og Kenwood Dennard, i Europa òg med Biréli Lagrène.



Misbruk og depresjonar |




Jaco Pastorius i Toronto 1977. Han spelar på «Bass of Doom», som var kjend for ein svært smal hals. Instrumentet blei stole i Central Park i New York da den bustadlause Pastorius oppheldt seg der i 1986, men dukka opp igjen i 2008.


Tidleg i karriera heldt Pastorius seg unna rusmiddel, men i tida med Weather Report byrja han å eksperimentere med alkohol, seinare kom kokain til, og forbruket auka snøgt.[11] Under turneen Word of Mouth i Japan oppførte han seg så uberekneleg at det skapte store problem for bandmedlemmane. Trommeslagaren Peter Erskine sin far, dr. Fred Erskine, antyda at Pastorius viste teikn til bipolar liding, og da dei kom tilbake frå Japan seint i 1982, fekk kona Ingrid han tvangsinnlagd på ein psykiatrisk klinikk. Dei stadfesta diagnosen og forordna litiumterapi for å stabilisere stemningssvingningane.[12]


Etter to veker klarte han å overtale personalet om å sleppe han ut slik at han fekk spele med Peter Graves. Han lova å vende tilbake, men braut løftet. I 1986 var den psykiske helsa til Pastorius blitt enda verre. Han var kasta ut frå leilegheita si i New York og levde på gatene.[13] Ingrid, som nå var eks-kona, fekk han innlagt på ny i juli 1986. På grunn av biverknadane vegra han seg mot litiumbehandling og fekk i staden tegretol.[12] Han flytta tilbake til Fort Lauderdale i desember same år og igjen levde han på gatene i veker av gongen.[13]



Død |


11. september 1987 sneik Pastorius seg ut på scena under ein Carlos Santana-konsert og blei kasta ut frå lokala. Han tok seg fram til Midnight Bottle Club i Wilton Manors, Florida[14] der han skal ha sparka inn ei glasdør etter å ha blitt nekta tilgjenge. I slåsskampen som følgde slo dørvakta, Luke Havan,[15] Pastorius så brutalt at han hamna på sjukehus med fleire brot i andletet og skadar på høgre auge og venstre arm.


Den 21. september 1987 rundt klokka 22:00, etter ni dagar i koma, døydde den 35 år gamle Jaco Pastorius av skadane.[16][10]


Havan blei skulda for forsettleg drap, men blei berre funne skuldig i uaktsamt drap. Han fekk 22 månaders fengsel, men slapp ut etter fire månader for god oppførsel.[17] Seinare sa Luke Havan at han rekna bassisten som ein aggressiv narkotikamisbrukar.


Frå det første ekteskapet med Tracy har han barna John og Mary. Ho er vokalist og frontfigur i gruppa Queen Mary. Tvillingane han i 1982 fekk med den andre kona, Ingrid, er begge musikarar: Felix Pastorius er bassist[18] og Julius Pastorius trommeslagar.[19][20]



Musikalsk betyding |


Med sin virtuose, solistisk prega spelestil omdefinerte Pastorius rolla til den elektriske bassen.[21] Han viste kva den bandlause elbassen har av moglegheiter i jazzen, og fekk dermed ein pregande betydning for den seinare jazzhistoria. Spelestilen hans, med hurtige melodiske løp og bruk av flageolettar i alle posisjonane på gripebrettet sette ein heil ny målestokk for spel på bassgitar. Gode eksempel på det revolusjonerande spelet hans kan ein høyre på «Donna Lee» og hans eigen komposisjon «Portrait of Tracy», begge på debutalbumet Jaco Pastorius (1976) eller på Joe Zawinul-låta «A Remark You Made» på Weather Report-albumet Heavy Weather (1977). Mange seinare bassistar, til dømes Marcus Miller og Victor Bailey, er influert av Pastorius. I det heile påverka Pastorius etterfølgjande bassistar så sterkt at det kan samanliknast med den betydninga Charlie Parker fekk for utviklinga av saksofonspelet i jazzen eller Jimi Hendrix for elektrisk gitar.[22] Jaco Pastorius gav i 1986 ut undervisningsvideoen Modern Electric Bass.



Prisar og utmerkingar |


Soloalbumet Jaco Pastorius blei i 1977 nominert for to Grammy Awards, ein for heile albumet, i kategorien ''Best Jazz Instrumental Performance (group), den andre i Best Jazz Instrumental Performance (soloist)) for tolkinga av jazzklassikaren Donna Lee.[23] Ei ny nominering følgde året etter i klassen beste jazz-solist for prestasjonane på Weather Report-albumet Heavy Weather.[24] I kategorien Best Jazz Fusion performance, vocal or instrumental vann han saman med gruppa Weather Report ein Grammy i 1980 for live-albumet 8:30.


I 1988 valde lesarane av jazzmagasinet Down Beat han inn i «Hall of Fame».[25]


1. desember 2008, på det som ville vore Pastorius sin 57. fødselsdag, fekk ein park i heimbyen Oakland Park nytt namn: Jaco Pastorius Park.[26]



Pastorius I Noreg |


Pastorius var i 1983 på Moldejazz med storbandet sitt, Word of Mouth, men han forlot scena etter berra ha spelt eit kvarter. Konserten fekk dårleg kritikk av nokre anmeldarar, som karakteriserte den som «oppstykket, tildels rotete, egosentrisk,»[27] sjølv om andre meinte konserten var god. Seinare same året lovprisa Ketil Bjørnstad den same gruppa si liveplate som blei tatt opp under konsertar i Japan, og oppsummerte med at Pastorius skapte «revolusjon med sitt temperamentsfulle gitarlignende bass-spill som dessuten også innebar en klanglig fornyelse av instrumentet. Pastorius er en polyfon musiker. Han tenker i linjer, i "horisontale" strukturer ... i et overbevisende pastoriusk sammensurium».[28]



Diskografi i utval |



Soloalbum |











































Album År Merknader
Jaco Pastorius 1976 Debutalbumet til Pastorius med coverversjonen av Charlie Parker sin låt Donna Lee. Blei nominert til to Grammys.[23]
Live At Berliner Jazztage 1979 Solokonsert i november 1979 på festivalen Berliner Jazztage
Word of Mouth 1981 Word of Mouth er eit storband som Pastorius var med å starte. Mit dieser nahm er die sieben Titel für dieses Album auf.[29]
Birthday Concert (live) 1981 Tatt opp hos Mr. Pip's i Fort Lauderdale på trettiårsdagen til Jaco Pastorius.[30]

Invitation (live)
1983 Albumet blei tatt opp under turneen med storbandet Word of Mouth i Japan.[31]
Live in Italy (Live) 1986 Konsert i mars 1986 med gitaristen Biréli Lagrène og trommisen Tomas Böröcz.
Honestly (Live) 1986 Solokonsert i mars 1986 i Wels i Austerrike


Studioarbeid og gjesteopptreden |



































































































Album Artist År Merknader
Jaco Paul Bley - Pat Metheny - Jaco Pastorius - Bruce Ditmas
1974 Det første studioalbumet Jaco Pastorius medverka på.
Bright Size Life Pat Metheny 1975
All American Alien Boy Ian Hunter 1976 Bass på sju av dei åtte titlane, gitar på den åttandetittelen God [Take 1][32]
Hejira Joni Mitchell 1976 Pastorius spelar på fire av songane. Han spelte òg med Joni Mitchell på turneen etter platesleppet.[33]
Land of the Midnight Sun Al Di Meola 1976 ved sida av Stanley Clarke og Anthony Jackson
Triologue - Live
Albert Mangelsdorff - Jaco Pastorius - Alphonse Mouzon
1977 Konsertopptak frå 6. november 1976 i Berliner Philharmonien
Sunlight Herbie Hancock 1977 på stykket «Good Question»
Don Juan's Reckless Daughter Joni Mitchell 1977 Bass og slagverk[34]
Trio of Doom
John McLaughlin - Jaco Pastorius - Tony Williams
1979 innspelt dels i studio, dels live på Cuba, publisert i 2007
Mingus Joni Mitchell 1979
Shadows and Light (Live) Joni Mitchell 1979 Konserten blei tatt opp september 1979 i Santa Barbara County Bowl.[35]
Mr. Hands Herbie Hancock 1980 på stykket «4 AM»
Upside Downside Mike Stern 1986 på stykket «Mood Swings»
Mo' Wabasi Randy Bernsen 1986 på stykka «Swing Thing» og «Californic»
Stuttgart Aria Biréli Lagrène & Jaco Pastorius 1986 med Vladislav Sendecki, Jan Jankeje


Med Weather Report |






































Album År Merknader
Black Market 1976 Pastorius er med på «Cannon Ball» og på sin eigen komposisjon «Barbary Coast».[36]
Heavy Weather 1977 To titlar av Pastorius: «Havona» og «Teen Town» (òg på trommer). Album blei nominert til ein Grammy.[24]
Mr. Gone 1978 To titlar av Pastorius: «River People» og «Punk Jazz»

8:30 (Live)
1979 Et livealbum sett saman av ulike konsertar, dei fleste frå ein konsert i Long Beach 24. november 1978.[37] Inneheld bass-soloen «Slang».

Night Passage (Live)
1980 Album inneheld musikk tatt opp under fire konsertar på to kveldar i Complex, Los Angeles.[38] «Three Views of a Secret» av Pastorius.
Weather Report 1982 Det siste Weather Report-albumet med Pastorius. Ingen komposisjonar av han.


Litteratur |




  • Bill Milkowski: The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius. Miller Freeman Books, San Francisco 1995/Backbeat Books 2006, ISBN 978-0-87930-859-9

  • Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, ISBN 978-3-7017-1291-5, Kap. 25: Jaco Pastorius. «den beste bassisten vi nokon gong har hatt», s. 129–133, passim.


  • Thomas Steinfeld: In diesem Holz wohnt ein ganz eigener Ton[39]. I: Süddeutsche Zeitung. 16. mai 2008, nr. 113


  • Stanton, Scott (2003). The Tombstone Tourist: Musicians. Simon and Schuster. ISBN 0743463307. 



Leksikografiske oppføringar |



  • Ian Carr og andre: Jazz Rough Guide. Metzler, Stuttgart 1999, ISBN 3-476-01584-X

  • Leonard Feather, Ira Gitler: The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press, Oxford osb. 1999, ISBN 978-0-19-532000-8

  • Wolf Kampmann: Reclams Jazzlexikon. Reclam, Stuttgart 2003, ISBN 978-3-15-010528-3

  • Martin Kunzler: Jazz-Lexikon. bind 2, Reinbek 2002, ISBN 3-499-16513-9



Referansar |





  1. Josef Engels: Sag mir, wo die Bässe sind. I: Die Welt, 23. mai 2008, s. 32.


  2. Sitert i Sunrise Music: «I play bass, as if I play with the human voice. I play as I talk.»


  3. Joachim-Ernst Berendt, das jazz buch", S. Fischer, Frankfurt a.M. 1953, nytt opplag 2005; omarbeida og utvida av Günther Huesmann, side 590


  4. [http://www.downbeat.com/default.asp?sect=halloffamelist Down Beat si «Jazz Hall of Fame»-liste


  5. Information om Pastorius på websida til familien


  6. Ingrid's unofficial Jaco Pastorius cyber nest


  7. Milkowski, 2005


  8. Biografi på ei fanside


  9. Bill Milkowski: Jaco, The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius, s. 27


  10. 10,010,1 Reinhard Bock: In Memoriam: Jaco Pastorius 1951-1987


  11. Bill Milkowski: The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius.


  12. 12,012,1 Ingrid's Jaco Cybernest; Mind II


  13. 13,013,1 Torn Moon 1987


  14. Stanton s. 195


  15. Jeff Stratton (2006-11-30). «browardpalmbeach.com». browardpalmbeach.com. Henta 2011-07-19. 


  16. Biografi på webside til Warner Music


  17. Broward Palm Beach News 2006


  18. Felix Pastorius


  19. Julius Pastorius


  20. Besetninga i Herrnkind


  21. Würdigung bei NRP


  22. Robert Fischer: «Anything goes» i All that Jazz. Die Geschichte einer Musik. Reclam Verlag, Stuttgart. 3., utvida og oppdaterte utgåva 2007, s. 415


  23. 23,023,1 http://www.jacopastorius.com/music/extras/solo_grammy.asp


  24. 24,024,1 Heavy Weather på den offisielle heimesida til Jaco Pasotius


  25. Biografi om Jaco Pastorius på downbeat.com


  26. Webside om Jaco Pastorius Park


  27. Ivar Moe og Knut Borge (26.7.1983). «Rotete Jaco». VG. 


  28. Ketil Bjørnstad (21.9.1983). «Elbassens fornyer». VG. 


  29. «Word of Mouth» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  30. «Birthday Concert» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  31. «Invitation» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  32. «All American Alien Boy» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  33. [http://www.jacopastorius.com/music/essential/joni_hejira.asp "Hejira" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  34. "Don Juan's Reckless Daughter" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  35. "Shadows and Light" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  36. "Black Market" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  37. "8:30" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  38. Night Passage på den offisielle Jaco Pastorius Homepage


  39. In diesem Holz wohnt ein ganz eigener Ton




Bakgrunnsstoff |




  • Jaco Pastorius (offisiell webside)]

  • Webside om Jaco Pastorius

  • Webside om Jaco Pastorius og Biréli Lagrène Label jazzpoint records

  • Omfattande diskografi

  • Queen Mary

  • Videoar





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...