Jonny Namneberarar | I populærkulturen | Kjelder | Navigasjonsmeny
KvinnenamnMannsnamnFørenamn av engelsk opphavKortnamnTvikjønna namn
JohannesJohnJohannesJonJoninamnedag26. juni
Jonny er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn, ofte opphavleg avleidd av Johannes.
Mannsnamnet Jonny er ei norsk form av Johnny, som er ei kjæleform av John, ei engelsk form av Johannes. Namnet kan ha ei rekke skrivemåtar, som Johnny, Johnnie, Jóni, Joni, Johnie, Jonni og Johny.
Kvinnenamnet Jonny er ei form av Jonna, ei kvinneleg form av Jon, som også kan koma frå Johannes. Andre skrivemåtar for dette namnet er Johnny, Johnnie, Joni og Jonni.
Jonny har namnedag den 26. juni.
Namneberarar |
Johnny Appleseed (1774–1845), legendarisk amerikansk plante- og naturvernar
Johnny Weissmuller (1904-1984), amerikansk symjar og skodespelar
Johnny Cash (1932-2003), amerikansk artist
Johnny Sareussen (f. 1944), norsk musikar
Johnny Logan (f. 1954), artistnamnet til Seán Patrick Michael Sherrard frå Irland
Jonny Halberg (f. 1962), norsk forfattar
Johnny Depp (f. 1963), amerikansk skodespelar
Jonny Finstad (f. 1966), ordførar i Vestvågøy
Johnny Knoxville (f. 1971), amerikansk komikar, frå serien Jackass.
Johnny Hide (f. 1976), norsk Melodi Grand Prix-deltakar
Johnny Spillane (f. 1980), amerikansk kombinertløpar
Jonny Magallón (f. 1981), meksikansk fotballspelar
Johnny Palacios (f. 1986), honduransk fotballspelar
I populærkulturen |
Johnny B. Goode er ein kjend rock'n roll song som har vorte spelt av mange artistar.
Jonny Vang er ein norsk prisvinnande film frå 2003.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Jonny» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2009.