The Edge Lovord | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«100 Greatest Guitarist: The...


EinskildmennFødde i 1961Alternative rockegitaristarBritiske rockegitaristarIrske songararIrske rockegitaristarGolden Globe-vinnararIvor Novello-prisvinnararSologitaristarFolk frå County DublinIrske låtskrivararSlidegitaristarU2-medlemmar


8. august1961U2teksturbasertdelayLondonMount Temple Comprehensive SchoolDikpunkrockamerikansk roots-musikkindustriell musikkalternativ rockMusic Risingorkanen KatrinaBonoRoy OrbisonTina TurnerRoyal Shakespeare Company























































The Edge
The Edge 360 Tour Foxboro 2009.jpg
På Gillette Stadium i 2009
Fødd
8. august 1961 (57 år)
Fødestad
Barking i London i England
Fødenamn David Howell Evans
Opphav
County Dublin i Irland
Aktiv 1976 til i dag
Sjanger
rock, post-punk, alternativ rock
Instrument Gitar, vokal, klaverinstrument
Kjende instrument
Gibson Explorer
Fender Stratocaster
Gibson Les Paul
Fender Telecaster
Gretsch Country Gentleman
Gretsch White Falcon
Rickenbacker 330/12
Epiphone Casino
Tilknytte artistar
U2, Passengers
Plateselskap
Island, Mercury
Verka som Musikar, songar, låtskrivar
Gift med Morleigh Steinberg

David Howell Evans (fødd 8. august 1961), betre kjend under scenenamnet The Edge (eller berre Edge),[1] er ein britiskfødd, irsk musikar og låtskrivar, mest kjend som sologitarist, klaverspelar og korvokalist i rockebandet U2. Han har vore medlem sidan starten av bandet og har spelt inn 13 studioalbum med bandet, og eit eige soloalbum. Som gitarist har Edge utvikla ein minimalistisk og teksturbasert spelestil. Han nyttar ein rytmisk delay-effekt som skapar ein særeigen romleg, klingande lyd som har blitt signaturlyden til U2.


The Edge var fødd i London i ein walisisk familie, men voks opp i Irland. I 1976 gjekk han på Mount Temple Comprehensive School, og var med å danne U2 i lag med skulekameratane og den eldre broren Dik. Dei var inspirert av punkrock og dei enkle arrangementa og gruppa byrja å skrive sine eigne songar. Dei vart etter kvart eit av dei mest populære banda i musikkhistoria med suksessrike album som The Joshua Tree i 1987 og Achtung Baby i 1991. I løpet av åra har the Edge eksperimentert med forskjellige gitareffektar og innlemma fleire musikksjangrar i sin eigen stil, som amerikansk roots-musikk, industriell musikk og alternativ rock. I U2 har the Edge òg spelt klaverinstrument, og var medprodusent på Zooropa i 1993. Stundom har han òg skrive tekstar.


Som medlem av U2 og som individ har the Edge fremja menneskerettar og filantropiske saker. Han var med å starte Music Rising, ein veldedig organisasjon for å støtte musikarar som vart råka av orkanen Katrina. Han har samarbeidd med U2-kollega Bono på fleire prosjekt, inkludert songar for Roy Orbison og Tina Turner, og musikk til musikalen Spider-Man: Turn Off the Dark og Royal Shakespeare Company si oppsetjing av A Clockwork Orange. Fleire musikkmagasin har rangert the Edge blant dei beste gitaristane gjennom tidene.



Lovord |


I 2011 rangerte Rolling Stone han på 38. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2012 rangerte magasinet Spin han på 13. plassen på si eiga lista.[3]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Edge» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. McCormick (2006), p. 21


  2. «100 Greatest Guitarist: The Edge». Rolling Stone. 27 November 2008. Henta 16. mai 2016. 


  3. Spin Staff (3 Mai 2012). «SPIN's 100 Greatest Gitarists of All Time». Spin. SpinMedia. Henta 16. mai 2016. 







Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Edge




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Edge




  • U2.com, offisiell U2-side.

  • Music Rising

  • Ein studie av delay-effekten til The Edge

  • Matematisk analyse av gitarlyden til The Edge




































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...