Bøyingsparadigme Innhaldsliste Etymologi | Døme | Regelrette og suppletivistiske bøyingsparadigme |...


LingvistikkLingvistisk morfologi


morfologienleksemnorskesubstantivetstammenadjektivetadjektivet




I morfologien er eit bøyingsparadigme ei liste over alle bøyingsformene til eit leksem.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Døme


  • 3 Regelrette og suppletivistiske bøyingsparadigme


  • 4 Fotnotar





Etymologi |


Ordet paradigme kjem av gresk parádeigma παράδειγμα n 'prov, døme, føredøme, mønster'.



Døme |


Her er bøyingsparadigmet til det norske substantivet JENTE:


  • Bøyingsparadigmet til substantivet JENTE


    • jente (eintal, ubunden)


    • jenta (eintal, bunden)


    • jenter (fleirtal, ubunden)


    • jentene (fleirtal, bunden)




Regelrette og suppletivistiske bøyingsparadigme |


I regelrette bøyingsparadigme har alle bøyingsformene den same stammen, som i dømet over, der stammen er jent, eller i paradigmet til det norske verbet KASTE, som har stammen kast, og det norske adjektivet FIN, der stammen er fin:


  • Bøyingsparadigmet til verbet KASTE[1]

  • Bøyingsparadigmet til verbet KASTE


    • kaste (infinitiv)


    • kastar (presens)


    • kasta (preteritum)


    • kasta (perfektum partisipp)


    • kast (imperativ)



  • Bøyingsparadigmet til adjektivet FIN


    • fin (positiv, ubunden, eintal, utrum)


    • fint (positiv, ubunden, eintal, nøytrum)


    • fine (positiv, ubunden, fleirtal)


    • fine (positiv, bunden)


    • finare (komparativ)


    • finast (superlativ, ubunden)


    • finaste (superlativ, bunden)



Dersom eit bøyingsparadigme inneheld fleire ulike stammer, seier ein at det er suppletivistisk, som paradigmet til norske adjektivet LITEN, som har fire heilt forskjellige stammar, lit, små, vesl og min(d):


  • Bøyingsparadigmet til adjektivet LITEN


    • liten (positiv, ubunden, eintal, maskulinum)


    • lita (positiv, ubunden, eintal, femininum)


    • lite (positiv, ubunden, eintal, nøytrum)


    • små(e) (positiv, fleirtal)


    • vesle (positiv, bunden, eintal)


    • mindre (komparativ)


    • minst (superlativ, ubunden)


    • minste (superlativ, bunden)




Fotnotar |




  1. I bøyingsparadigmet til KASTE, som i paradigmet til alle verb i bøyingsklassen "a-verb", har preteritum og partisipp same form. At to former i eit paradigme har same form, kallar vi synkretisme.




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...