Kapp til Kairo-jarnbana Innhaldsliste Bakgrunn for planen | Kvifor vart den ikkje bygd? | Den noverande...
SpråkvaskImperialismeJarnbaneAfrika
Cecil Rhodes1800-taletSudanUgandakappløpet om AfrikaCape TownCecil Rhodesimperiebyggjarebritiske KronadominionsFrankrikeVest-SaharaDjibouti.PortugalAngolaMosambikTysk Aust-AfrikaRwandaBurundiTyskland1918Egypt1856AlexandriaKairoAswan.normalspormmAswandammenSudanKhartoumLord Kitchener1897.metersporDet indiske havKampalaUgandaVictoriasjøenMombasaKenyaDar-es-SalaamTanzania.TAZARA1970-taletkmKapiri MposhiZambiaKina1964DurbanBeiraMosambik1989KidatuKilosakmKisanganiKongoKappstadenBotswanaZimbabweZambeziVictoria Falls Bridge1905.Ndola1909KongoKapiri MposhiLusakaSør-SudanDet indiske havKhartoumAfrikansk historieKlima i AfrikaForørkning i AfrikaAvskoging i AfrikaSpråk i AfrikaHIV/AIDS i AfrikaUrbanisering i Afrika
Satellitt-bilete av Afrika
Cecil Rhodes kongstanke var å byggja ei jarnbane frå sør til nord i Afrika
Kapp til Kairo-jarnbana (Cape–Cairo Railway) var eit jarnbaneprosjekt som vart lansert av Cecil Rhodes på slutten av 1800-talet i kolonitida. Bana skulle forbinda dei britiske koloniane og nærast danna ein ubroten korridor gjennom Afrika frå sør til nord. Medan mesteparten av strekninga er operativ i dag, manglar det eit vesentleg samband mellom Sudan og Uganda.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn for planen
2 Kvifor vart den ikkje bygd?
3 Den noverande nord-sør-samband
3.1 Det nordlege området
3.2 Området i Aust-Afrika
3.3 Sambandet Tanzania–Zambia
3.4 Overgangstasjon i Kidatu
3.5 Den sørlege delen
4 Framtida
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn for planen |
Om kappløpet om Afrika var den britiske kolonisering av Afrika nært knytt opp til plan om ei samanhengande jarnbane frå Cape Town til Kairo. Cecil Rhodes var ein av fleire imperiebyggjare som sikra dei sørlege statane i kontinentet for den britiske Krona. Han såg for seg ein «raud korridor» av britiske dominions frå nord til sør og ein jarnbane ville vera det viktigaste elementet til å sameina dei britiske besittelser, både politisk og militært. Men bygginga av banen ville verta ei stor utfordring på grunn av dei topografiske og klimatiske tilhøve og – ikkje minst politisk, og tilhøvet til andre kolonimakter.

Afrika før første verdskrig. Ein «raud korridor« frå nord til sør er blokkert av Tysk Aust-Afrika
Kvifor vart den ikkje bygd? |
Dei britiske interessane måtte ikkje bara ovevinne dei formidable hindra i landskap og klima, men òg intervenera i interessane til andre stormakter og deira planar. Frankrike hadde planar om ei jarnbane vest-øst frå sina besittelser i Vest-Sahara eller det franske Nord-Afrika til Djibouti. Portugal freista utan hell å forbinda sina koloniar på vest- og østkysten, Angola og Mosambik, med ei jarnbaneline. Motstanden til britisk herredømme i Sør-Afrika vart løyst etter to boerkrigar. Tyskland som før første verdskrig hadde herredømme over Tysk Aust-Afrika (dagens Tanzania, Rwanda og Burundi), stoppa vidare planar etter at Tyskland mista Aust-Afrika, etter krigen i 1918 og britane fekk hand over dette området. I tida mellom dei to verdskrigar sette depresjon og økonomiske problem ein stoppar for vidare arbeid og etter andre verdskrig og Afrikas frigjering frå kolonimaktene vart det opphavlege grunnlaget for banen fjerna.
Den noverande nord-sør-samband |
Det nordlege området |
Egypt fekk sin første jarnbane så tidleg som 1856, eit samband mellom Alexandria og Kairo, og i dag går denne så langt sør som til Aswan. Banen er bygd med normalspor 1 435 mm. Etter eit ferjesamband på Aswandammen, held banen fram til Sudan frå Wadi Halfa til Khartoum, no med 1 067 mm spor. Denne delen av banen vart bygd under Lord Kitchener i 1897. Vidare er det lagd spor så langt sør som til Wau. Ein stor del av nettet i Sudan er forfallen og for tida utan trafikk på grunn av den politiske uroa i landet (2014).
Området i Aust-Afrika |
Aust-Afrika har eit nett av jarnbaner med meterspor som vart bygd frå havnebyene ved Det indiske hav og vestover. Bygginga pågikk parallelt under tysk og engelsk kolonistyre. Strekninga lengst mot nord vert drive av Uganda Railway og i dag er det samkjøring mellom jarnbana i Kenya, Tanzania og Uganda slik at det er direkte samband mellom Kampala i Uganda og frå Victoriasjøen til Mombasa i Kenya og til Dar-es-Salaam i Tanzania. Jarnbanene i dei tre land opererte i fellesskap som East African Railways fram til Det austafrikanske fellesskap opphøyrde i 1977. I dag opererer dei som sjølvstendige selskap; Uganda Railway Corporation, Kenya Railway Corporation og Tanzania Railway Corporation.
Sambandet Tanzania–Zambia |
Frå Dar-es-Salaam, vart TAZARA bygd på 1970-talet, ei jarnbane på 1 860 km fram til Kapiri Mposhi i Zambia der er knytt opp til jernbanenettet i det sørlege Afrika . Jarnbana vart bygd av Kina for å bistå Zambia. Etter at landet fekk sjølvstende i 1964 vart landet utestengt frå dei viktige havnebyane Durban i det apartheid-kontrollerte Sør-Afrika og Beira i det portugisisk kontrollerte Mosambik
Sjølv om dette sambandet ikkje på nokon som helst måte var ei lenkje i Kapp til Kairo-jarnbanen, så dekker den ein viktig sektor. Banen har den same sporvidde, 1 067 mm. som elles i det sørlege Afrika.
Overgangstasjon i Kidatu |
i 1989 vart det byggd eit samband mellom Kidatu på TAZRA og Kilosa på den tanzanianske jarnbana.
Ein ca. 100 km. langt samband med meterspor, slik at all omlasting føregår i Kidatu.
Den sørlege delen |
Brua ved Viktoriafallene frå 1905
Strekninga i sør vart bygd av britane under kolonitida før første verdskrig. Det er i dag samband så langt nord som til Kisangani i Kongo. Bygginga starta i Kappstaden og lina følgde «Great North Road» til Kimberley, vidare gjennom delar av dagens Botswana til Bulawayo. Frå dette knutepunktet, vidare nordover gjennom Sør-Rhodesia, dagens Zimbabwe, og kryssar Zambezi på Victoria Falls Bridge som vart bygd i 1905. til Nord-Rhodesia, dagens Zambia, der banen vart bygd fram til Ndola og dei rike kopparforekomstene i «Copperbelt». Sju år etter Cecil Rhodes død, i 1909 var det lagd spor fram til grensa mot Kongo, 20 km. nord for Ndola.
Heile den sørlege delen er bygd med såkalte Kappspor, dvs. sporvidde på 1 067 mm.
Sambandet til TAZARA tek av ved Kapiri Mposhi, ca, 15 mil nord for Lusaka.
Framtida |
Konseptet Kapp til Kairo-jarnbana er ikkje lagd daudt. Men med den noverande situasjon i Sudan er det ikkje praktisk mogleg å byggja noka jarnbane gjennom Sudan.
Om banen nokosinne vil verta ein realitet er dette ikkje for å fullføra Cecil Rhodes visjonar, men for å skaffa Sør-Sudan eit jarnbanesamband til hamnar ved Det indiske hav. Strekninga som gjenstår mellom Uganda og Wau i Sudan er om lag 100 mil i luftline.(via ei sideliline frå t.d. Khartoum)
Afrikansk historie
Klima i Afrika
Forørkning i Afrika
Avskoging i Afrika
Språk i Afrika
HIV/AIDS i Afrika
Urbanisering i Afrika
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Kapp til Kairo-jernbanen» frå Wikipedia på bokmål, den 78. november 2018.
Bakgrunnsstoff |
- Ei ferd frå Cairo til Kenya i 1935
- Kommentarar til eit jarnbanesamband mellom Sudan og Mombasa