Shuggie Otis Innhaldsliste Biografi | Personleg liv | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1953Afroamerikanske gitaristarUSA-amerikanske bluesgitaristarUSA-amerikanske bluespianistarUSA-amerikanske bluessongararUSA-amerikanske funkbassistarUSA-amerikanske funktrommeslagararUSA-amerikanske funkgitaristarUSA-amerikanske funksongararUSA-amerikanske songararUSA-amerikanske multiinstrumentalistUSA-amerikanske plateprodusentarUSA-amerikanske soulgitaristarUSA-amerikanske soulsongararBluestrommeslagararBluesrockmusikararMusikarar frå California


30. november1953songar-låtskrivarplateartistmultiinstrumentalistStrawberry Letter 23The Brothers JohnsonR&B-listaBillboard Hot 100Los AngelesCaliforniarhythm and bluespionerenmusikarenbandleiarenimpresarioJohnny OtisgitaristSly StoneJimi HendrixArthur LeeLoveAl KooperStephen StillsMike BloomfieldNew YorkpseudonymetEpic RecordsLeon HaywoodAl McKibbonWilton FelderB.B. KingFrank Zappaelektrisk bassEtta JamesEddie VinsonRichard BerryLouis JordanBobby 'Blue' BlandEpic RecordsStrawberry Letter 23Billboard Top 200Billboard Hot 100Brothers JohnsongitaristenprodusentenQuincy JonesklaverspelarenGeorge DukeAynsley DunbarFrank ZappaJourneyWhitesnakeBilly PrestonThe Rolling Stonesrare grooveacidjazzPrinceLenny KravitzDavid ByrneLuaka BopThe GTOsFrank ZappaGerald Wilson











































Shuggie Otis
Shuggie Otis by Sachyn Mital.jpg
Shuggie Otis ved Sachyn Mital
Fødd
30. november 1953 (65 år)
Fødestad
Los Angeles i California i USA
Fødenamn Johnny Alexander Veliotes, Jr.
Opphav USA
Aktiv 1960-åra til i dag
Sjanger
R&B, blues, gospel, jazz, soul, rock and roll, funk
Instrument
Vokal, gitar, bass, trommer, piano, orgel
Tilknytte artistar
Johnny Otis, Al Kooper, Frank Zappa, The Brothers Johnson
Plateselskap Forskjellige

Shuggie Otis (fødd 30. november 1953 som Johnny Alexander Veliotes Jr.)[1][2]) er ein amerikansk songar-låtskrivar, plateartist og multiinstrumentalist.


Otis-songen «Strawberry Letter 23» (spelt av The Brothers Johnson) toppa Billboard R&B-lista og nådde femteplassen på Billboard Hot 100 i 1977.[2] Han hadde òg suksess i 1974 med singelen «Inspiration Information» (frå albumet med same namn), som nådde 56. plass på R&B-lista.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Personleg liv


  • 3 Diskografi


    • 3.1 Solo


    • 3.2 Samarbeid


    • 3.3 Samplingar


    • 3.4 Gjesteartist




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Otis var fødd i Los Angeles i California som son av rhythm and blues-pioneren, musikaren, bandleiaren og impresario Johnny Otis og kona Phyllis. Namnet «Shuggie» (kort for «sugar») vart gjeven av mora då han var nyfødd. Otis byrja å spele gitar då han var to år gammal og spelte profesjonelt med faren frå han var 12 år gammal, og skjulte seg sjølv ofte bak mørke solbriller og ein falsk bart slik at han kunne spele med bandet til faren på nattklubbar han ikkje gamal nok til å kome inn.


Otis, hovudsakleg kjend som gitarist, syng og spelar i tillegg mange andre instrument. Medan han voks opp var han kraftig påverka av mange blues-, jazz- og R&B-musikarar som heldt til i sirkelen kring faren Johnny. Otis byrja å drive mot popmusikken i hans generasjon, som Sly Stone, Jimi Hendrix og Arthur Lee i bandet Love. I 1969 spurte Al Kooper Otis om å vere med på den andre i rekkja (Kooper Session) av Super Session-serien hans, der han tidlegare hadde hatt med seg Stephen Stills og Mike Bloomfield. Kooper og den då femten år gamle Oits spelte inn heile albumet i løpet av ei helg i New York. Like etter han kom attende til Los Angeles, spelte Otis, i lag med faren og songaren Delmar «Mighty Mouth» Evans, på albumet Cold Shot, som kom ut i 1969 på den Los Angeles-baserte Kent-etikken. Eit anna sjeldant album som desse tre spelte inn var Snatch & The Poontangs, der Otis spelte under pseudonymet «Prince Wunnerful».


Otis gav ut det første soloalbumet sitt seinare det året, kalla Here Comes Shuggie Otis på Epic Records. Mange musikarar gjesta debutplata hans, som faren Johnny, Leon Haywood, Al McKibbon og Wilton Felder. Dette gav han eit godt rykte og fanga merksemda til B.B. King, som vart sitert i 1970-utgåva av Guitar Player at Otis var «den nye favorittgitaristen hans». Somme av artistane Otis spelte med på denne tida var Frank Zappa (elektrisk bass på «Peaches en Regalia» på albumet Hot Rats frå 1969), Etta James, Eddie Vinson, Richard Berry, Louis Jordan og Bobby 'Blue' Bland, blant mange andre.


Albumet Otis fekk mest merksemd for var det andre albumet hans på Epic Records frå 1971, Freedom Flight, med hitten «Strawberry Letter 23». Både albumet og singelen nådde Billboard Top 200 og Billboard Hot 100 og fanga merksemda til Brothers Johnson-gitaristen George Johnson, som så spelte plata for produsenten Quincy Jones. Dei spelte inn songen og han vart ein stor hit for dei. Sjølv om Otis spelte dei fleste instrumenta sjølv i studio, var det mange musikarar som medverka på albumet, som klaverspelaren George Duke og Aynsley Dunbar frå bandet til Frank Zappa, Journey og Whitesnake.


I 1974 gav Otis ut Inspiration Information, det tredje og siste albumet hans for Epic Records. Albumet hadde tatt nesten tre år og lage. Alle songane var skrivne og arrangerte av Otis sjølv, som spelte nesten alle instrumenta på albumet (utanom blåsarar og forskjellige strykeinstrument). Men trass i den lange ventetida, hadde Inspiration Information berre ein singel (tittelsporet) som nådde Billboard Hot 100. Etter albumet kom ut vart Otis møtt av Billy Preston på vegner av The Rolling Stones, som bad han med i bandet for den komande verdsturneen deira. Han avslo tilbodet og det same gjorde han med tilbodet til Quincy Jones om å produsere det neste albumet sitt. Etter ei rekkje liknande avslag, fekk Otis rykte på seg for «bruke tid», og platekontrakten med Epic Records vart kansellert. Det einaste Otis er oppført med i midten av 1970-åra er forskjellig studioarbeid for plateprosjekta til faren.


Inspiration Information fekk mange tilhengjarar i 1990-åra då rare groove og acidjazz oppstod.[treng kjelde] Det vart hylla av musikarar som Prince og Lenny Kravitz. På grunn av denne fornya interessa vart albumet gjeve ut på ny i april 2001 av det sjølvstendige selskapet til David Byrne, Luaka Bop Records. Denne utgåva inneheld dei ni originale albumspora, i tillegg til fire songar frå albumet Freedom Flight frå 1971 og nytt plateomslag.



Personleg liv |


Som tenåring fekk han ein son, Johnny III (kalla Lucky) med Judith Peters, som var betre kjend som Miss Mercy i The GTOs, ei «groupie-gruppe» og ein sosiologisk skapning av Frank Zappa. Eit par år seinare gifta han seg med Lillian «Teri» Wilson, dotter til trompetisten/bandleiaren og latin-jazz-pioneren Gerald Wilson, og dei fekk sonen Eric, kalla opp etter bandkollegaen og den nære ven en til Wilson, Eric Dolphy.



Diskografi |



Solo |




  • Here Comes Shuggie Otis (1969), Epic Records


  • Freedom Flight (1971), Epic Records


  • Inspiration Information (1974), Epic Records


  • Inspiration Information / Wings Of Love (2013), Legacy Recordings



Samarbeid |


Med The Johnny Otis Show




  • Snatch & The Poontangs (1969), Kent Records


  • Cold Shot! (1969), Kent Records


  • Cuttin' Up! (1969), Columbia Records


  • The Johnny Otis Show Live At Monterey! (1970), Columbia Records


  • The New Johnny Otis Show with Shuggie Otis (1981), Alligator Records


  • Into the Eighties (1984), Charly Records


Med Al Kooper



  • Kooper Session (1969), Columbia Records

Med Preston Love



  • Preston Love's Omaha-Bar-B-Q (1969), Kent Records

Med Guitar Slim Green



  • Stone Down Blues (1970), Kent Records


Samplingar |



  • «Island Letter» sampla av Digable Planets for songen «For Corners» frå albumet Blowout Comb (1994).

  • «Strawberry Letter 23» sampla av DJ Quik for songen «Dollaz + Sense» frå albumet Safe + Sound (1995).

  • Òg sampla av OutKast for songen «Ms. Jackson» frå albumet Stankonia (2001).

  • Òg sampla av Beyoncé for songen «Be With You» frå albumet Dangerously In Love (2003).

  • «Rainy Day» sampla av Beyoncé for songen «Gift from Virgo» frå albumet Dangerously In Love (2003).

  • «Oxford Gray» sampla av RJD2 for songen «Ring Finger» frå albumet Since We Last Spoke (2004).

  • «Oxford Gray» sampla av Alchemist for songen «B.I.G T.W.I.N.S» frå albumet The Grimey Collection (2008).

  • «Not Available» sampla av J Dilla for songen «Donuts (Outro)» frå albumet Donuts (2006).

  • «Sweet Thang» sampla av Criolo for songen «Demorô» frå albumet «Ainda Há Tempo» (2006).



Gjesteartist |



  • Bass for Frank Zappa på songen «Peaches en Regalia» frå albumet Hot Rats (1969).

  • Elektrisk gitar for Mos Def på «Blue Black Jack» frå albumet The New Danger (2004).

  • Mya

  • Monica

  • Tevin Campbell



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Shuggie Otis» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «California Birth Index, 1905-1995 [database on-line]». USA: The Generations Network. 2005. Henta 1. juni 2014. 


  2. 2,02,12,2 Hogan, Ed. «Shuggie Otis Biography». allmusic.com. Rovi Corporation. Henta 1. juni 2014. Born...Nov 30, 1953 in Los Angeles, CA 







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad


  • Shuggie Otis på Allmusic





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...