Jokerteikn Kjelder | Navigasjonsmeny
FilformatMønstersamanlikning
filnamnspørsmålsteiknasteriskSQL
Jokerteikn vert nytta for å vise til eitt eller fleire vilkårlege teikn, mellom anna i filnamn og tekststrengar. Ved hjelp av jokerteikn kan ein få fleire søkeresultat samstundes for liknande namn eller tekstar, eller ein kan finne det ein er på jakt etter sjølv om ein berre huskar delar av eit namn eller ein streng.
Når ein gjev eit filnamn, representerer eit spørsmålsteikn (?) eitt vilkårleg teikn, medan ein asterisk (*) representerer ei kva for eit som helst mengd (òg null) vilkårlege teikn. Døme:
*.ogg – samsvarar med alle filer med namn som sluttar på .ogg
ab?.txt – samsvarar med t.d. abc.txt og abd.txt, men ikkje t.d. abcd.txt
test.* – samsvarar med alle filer som byrjar med test., uansett suffiks, t.d. test.h og test.cpp
I SQL tyder eit prosentteikn (%) ei kva for eit som helst mengd vilkårlege teikn, medan ei understreking (_) tyder eitt teikn.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Jokertegn» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2011.