Take It to the Limit av Eagles Innhaldsliste Eagles-innspelinga | Medverkande | Lister | Willie Nelson...


Songar frå 1975Singlar frå 1975Singlar frå 1983Singlar frå 1993Eagles-songarWillie Nelson-songarWaylon Jennings-songarSongar skrivne av Glenn FreySongar skrivne av Don HenleySongar skrivne av Randy MeisnerRockeballadarAsylum Records-singlarColumbia Records-singlarSongar produserte av Bill Szymczyk


EaglesBillboard Hot 100Randy MeisnerDon HenleyGlenn FreyBernie LeadonJoe WalshvalsetaktDavid CassidycountryartistaneWillie NelsonWaylon Jennings














































Take It to the Limit
Singel av Eagles
frå albumet One of These Nights


B-side
«After the Thrill is Gone»

Utgjeve
15. november 1975

Innspelt
1975

Sjanger

Softrock

Lengd
3:48 (singel), 4:48 (album)

Selskap

Asylum

Låtskrivar(ar)

Randy Meisner, Don Henley, Glenn Frey

Produsent

Bill Szymczyk

Eagles-kronologi
«Lyin' Eyes»
(1975)

Take It to the Limit
«New Kid in Town»
(1976)




«Take It to the Limit» er ein song av Eagles frå det fjerde albumet deira, One of These Nights. Det var den tredje singelen frå albumet og kom ut 15. november 1975. Songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og vart den største suksessen til Eagles i Storbritannia, der han nådde 12. plassen på singellista. Billboard rangerte songen på 25. plassen for 1976.[1]


Songen vart skriven av Randy Meisner, Don Henley og Glenn Frey. Meisner, som song solovokal, sa at songen byrja som hans eigen song. Då han var uferdig medan dei spelte inn One of These Nights, hjelpte Henley og Frey Meisner med å skrive songen ferdig.




Innhaldsliste






  • 1 Eagles-innspelinga


  • 2 Medverkande


  • 3 Lister


  • 4 Willie Nelson og Waylon Jennings


    • 4.1 Lister




  • 5 Andre versjonar


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Eagles-innspelinga |


«Take It to the Limit» er den einaste A-sida som Meisner syng solo på, og den første singelen til Eagles der verken Henley eller Frey syng solo. Det var òg den siste Eagles-singelen med Bernie Leadon før han slutta og vart erstatta av gitaristen Joe Walsh. Singelversjonen er 3:48 lang, mesten eitt minutt kortare enn albumversjonen. «Take It to the Limit» er ein av få Eagles-songar som er skriven i valsetakt.[2]


Meisner slutta i bandet etter Hotel California-turneen i september 1977.[3] I følgje Eagles-biografien To the Limit: The Untold Story of the Eagles, var songen årsaka til ein stor krangel mellom Frey og Meisner under turneen. Frey meinte
at Meisner burde synge dei høge tonane på slutten av songen, fordi fansen elska det. Meisner mislikte å bli fortalt kva og korleis han skulle synge, men likte å spele songen. Under ein av dei siste konsertane til Meisner med Eagles sloss Frey og Meisner bak scenen om denne songen. Songen vart sidan spelt av Eagles att seint i 1999 og i 2004-2005, då sungen av Glenn Frey.


Songen vart spelt inn på nytt av Meisner for det første soloalbumet hans, Randy Meisner, med tenåringsidolet David Cassidy på korvokal.



Medverkande |




  • Randy Meisner: solovokal, bassgitar


  • Glenn Frey: 12-strengs akustisk gitar, korvokal


  • Don Henley: trommer, korvokal


  • Don Felder: sologitar


  • Bernie Leadon: elektrisk gitar


  • Jim Ed Norman: piano



Lister |



























Liste (1975)
Plassering
U.S. Billboard Hot 100
4
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks
4
Canadian RPM Top Singles
16
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks
6
UK Singles Chart
12



Willie Nelson og Waylon Jennings |










































Take It to the Limit
Singel av Willie Nelson og Waylon Jennings


B-side
«'Til I Gain Control Again»

Utgjeve
8. oktober 1983

Sjanger

Country

Lengd
3:50

Selskap

Columbia

Produsent
Willie Nelson, Waylon Jennings

Willie Nelson-kronologi
«Why Do I Have to Choose»
(1983)

Take It to the Limit
«Without a Song»
(1984)

Waylon Jennings-kronologi
«Hold On, I'm Comin'»
(1983)

Take It to the Limit
«The Conversation»
(1983)




Songen vart spelt inn av countryartistane Willie Nelson og Waylon Jennings som tittelsporet på duettalbumet deira Take It to the Limit, som kom ut i 1983.



Lister |























Liste (1983–1984)
Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singlar
8
U.S. Billboard Bubbling Under Hot 100
2
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks
31
Canadian RPM Country Tracks
1


Andre versjonar |




  • Dave Mason.

  • Jill Lancaster i 1977 for Christo-dokumentarfilmen Running Fence.


  • Etta James i 1977 .


  • Cher spelte songen på den første soloturneen sin i 1979-1980 og igjen i 1989-1990 på Heart of Stone-turneen.


  • Suzy Bogguss på albumet Common Thread: The Songs of the Eagles i 1993.


  • Sarah Dougher i 1999 på albumet Day One.


  • Richard Marx spelte ofte songen på konsertane sine. Ein av desse versjonane vart filma i 1987 med både Meisner og Timothy B. Schmit.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Take It to the Limit (Eagles song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1976


  2. Marcus, Greil (2007). Stranded: Rock and roll for a desert island (2nd Da Capo Press utg.). New York: Da Capo Press (Perseus Books Group). s. 87. ISBN 978-0-306-80682-7.  |access-date= requires |url= (hjelp)


  3. «Eagles - Biography». Billboard. Henta 5. september 2015. 







Bakgrunnsstoff |



  • Heile songteksten på MetroLyrics




























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...