King Harvest (Has Surely Come) Medverkande | Kjelder | Navigasjonsmenye


Songar frå 1969The Band-songar


Robbie RobertsonThe Band1969førstepersonfagforeiningsmannGreil MarcusRichard ManuelLevon Helm




































King Harvest (Has Surely Come)
Song av The Band
frå albumet The Band


Utgjeve
1969

Innspelt
1969

Sjanger

Rock

Lengd
3:40

Selskap

Capitol

Låtskrivar(ar)

Robbie Robertson

Produsent

John Simon

«King Harvest (Has Surely Come)» er ein song skriven av Robbie Robertson for The Band og vart opphavleg gjeven ut på det andre albumet deira, The Band frå 1969.


Songen vert fortalt frå førsteperson som ein fattig bonde, som i aukande desperasjon, fortel om uhella han har vore ute for. Det kom ikkje regn og avlingane hans døydde, loven hans brann ned og han enda opp i eit slumkvarter. Ein fagforeiningsmann dukkar opp og lover å betre ting. Rockekritikaren Greil Marcus kalla han «The Band sin song om øydelagde håp på landet» og meinte at «King Harvest» kanskje var den beste songen til Robertson og det beste dømet på korleis bandet skreiv og spelte songar.[1]


Songstrukturen er uvanleg: Versa, sungen av vokalisten Richard Manuel er energisk, medan refrenget (sungen av Manuel og Levon Helm) er rolegare, i motsetnad til ein vanleg songstruktur. Dette viser kanskje til det desperate, men usikre håpet som forteljaren har om fagforeininga.[2]



Medverkande |




  • Rick Danko- Bassgitar, øvre vokal i refrenget


  • Levon Helm- Trommer, nedre vokal i refrenget


  • Garth Hudson- Lowrey orgel


  • Richard Manuel- Solovokal


  • Robbie Robertson- Elektrisk gitar


  • John Simon- Wurlitzer elektrisk piano gjennom «svart boks»



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «King Harvest (Has Surely Come)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Marcus, Greil (1997). Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll (fourth edition). Plume. s. 55,56. ISBN 978-0452278363. 


  2. Bowman, Rob, The Band, To Kingdom Come (liner notes), 1989
























Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Nässjö kommun Tettstader | Kjelder | NavigasjonsmenyeVIAFISNIGeoNamesMusicBrainz (area)

Kvitkval Innhaldsliste Taksonomi og utvikling | Utsjånad og levevis | Utbreiing | Åtferd |...