Ödön Földessy Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny
EinskildmennFødde i 1929Ungarske lengdehoppararOlympiske bronsemedaljevinnarar for UngarnMedaljevinnarar under sommar-OL 1952Ungarske deltakarar under sommar-OL 1952Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952Ungarske deltakarar under sommar-OL 1956Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956Europameistrar i friidrett
ungarskfriidrettsutøvarolympiske sommarleikane 1952HelsingforsUSAJerome Biffleeuropameisterskapen 1954BernPolenMelbourneOL-tevlinga 1956europameisterskapen 1958Stockholm
Ödön Földessy | |
| Fødd | 1. juli 1929 Békés |
| Yrke | lengdehopper |
Ödön Földessy på Commons | |
Ödön Földessy (fødd 1. juli 1929) Ungarn) er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Békés som vart europameister i lengdehopp i 1954.
Aktiv |
Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors sigra USA-amerikanaren Jerome Biffle i lengdetevlinga med 7,57 meter, framom landsmannen Meredith Gourdine med 7,53 meter. Som beste europear vann Ödön Földessy bronsemedaljen med 7,30 meter. Året etter forbetra Földessy den ungarske rekorden til 7,76 meter.
Ved europameisterskapen 1954 i Bern vann Földessy gullmedaljen etter eit hopp på 7,51 meter, Zbigniew Iwański frå Polen tok sølv med 7,46 meter.
I Melbourne rauk Földessy ut av OL-tevlinga 1956 allereie i kvalifiseringa med 6,96 mete. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vart han nummer ti med eit lengstehopp på 7,20 meter.
Földessy vart frå 1950 til 1959 årleg ungarsk meister i lengdehopp, med unnatak for 1956.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |
OL 1952 i Helsingfors: Bronsemedalje – 7,30 m
EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 7,51 m, framom Iwanski (7,46 m)
OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa (6,96 m -nr 21)
EM 1958 i Stockholm: Nr 10 – 7,20 m
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Ödön Földessy» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2014.