Mary Decker Innhaldsliste Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


Fødde i 1958Mellomdistanseløparar frå USAVerdsmeistrar i friidrett


friidrettsutøvarHelsinkiStockholmvesttyskesovjetiskeTatjana KazankinaSommar-OL 1984BernRoma






Mary Decker (373) under sommar-OL 1984


Mary Teresa Decker (fødd 4. august 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister både på 1500 meter og 3 000 meter under friidretts-VM 1983 i Helsinki.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder





Aktiv |


Gjennom 1982-sesongen sette Decker seks verdsrekordar på ulike løpsdistansar, frå ei engelsk mil opp til 10 000 meter. I juli 1983, under eit stemne i Stockholm, sette ho USA-rekord på 1500 meter med tida 3.57,1, ein rekord som stod i 32 år. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i august 1983, vann Decker gullmedaljen på 3 000 meter, etter å ha slått vesttyske Brigitte Kraus og sovjetiske Tatjana Kazankina, dei to andre medaljevinnarane, med eit halvt sekund. Fire dagar seinare tok Decker VM-gull nummer to, då ho heilt på slutten av oppløpssida på 1500-meteren passerte leiande Samira Zajtseva, som stivna og fall over målstreken.


Decker mislukkast under Sommar-OL 1984 på USA-amerikansk heimebane. Året etter sette ho personlege rekordar på 800 meter med 1.56,90, oppnådd i Bern, og i Roma på 3000 meter med tida 8.25,8.



Doping |


I 1996 vart Decker i ein test avslørt med for høgt nivå av testosteron og der etter utestengd i to år.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedaljar på 1500 m – 4.00,9 og 3000 m – 8.34,6


  • OL 1984 i Los Angeles: Braut 3000 m – nr 11


  • OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 1500 m – nr 10 på 3000 m


  • OL 1996 i Atlanta: Utslått på 5000 m og sidan annullert



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Mary Decker» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2018.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...