Austgotarar Innhaldsliste Kjelder | Navigasjonsmeny


Gotarar


gotiskeFolkevandringstidagreutungar369Ukraina200-talethunarane375ErmanarikPannoniaAttilaalananeItalia405RhodogaisSlaget på dei Katalauniske slettene451AttilaTheoderikgisselKonstantinopelBalkankonsul484ItaliaAustromarriket497Ravenna526Athalarik535Konstantinopelfrankarane450552RavennaNarsesTejaSlaget ved Lactariusberget552555langobardane561




Austgotarane eller osthrogotane er ein av tre gotiske folkegrupper som var aktive i Folkevandringstida. Dei kalla seg og greutungar, og under dette namnet vart dei første gongen nemnd i 369.




Innhaldsliste






  • 1 Osthrogotane i Skythia


  • 2 Frå Pannonia til Italia


  • 3 Kongedømet i Italia


  • 4 Kongerekkje


  • 5 Kjelder





Osthrogotane i Skythia |


Osthrogotane skipa eit stort kongedøme i dagens Ukraina, truleg på 200-talet, og vann stort velde der. Dei var ei stormakt å rekne med til hunarane slo dei og la dei under seg i 375, og den siste kongen deira, Ermanarik, tok livet sitt. Frå då av var osthrogotane utan leiar. Mange av dei følgde hunarane til Pannonia der dei vart bandsmenn under kong Attila i lag med alanane. Dette hindra dei ikkje i å gå mot Italia på eiga hand, mellom anna i 405, under hovdingen Rhodogais.



Frå Pannonia til Italia |


I Slaget på dei Katalauniske slettene i 451 slost osthrogotane under kong Attila mot romarane. Etter slaget vart ei gruppe av dei buande i Pannonia, medan kongesonen Theoderik vart send som gissel til Konstantinopel. Etter tjue år i Pannonia reiste denne gruppa til Balkan, og Theoderik vart konge over dei. Han var svært romanisert, og vart attåt konsul i 484. Fire år etter tok han folket med seg til Italia og danna eit kongerike der. Han vart kanna som italiensk konge av Austromarriket i 497. Hovudstaden hans låg i Ravenna.



Kongedømet i Italia |


Austgotarkongedømet i Italia er på mange vis soga om Theoderik den store. Han sat som konge til 526, og vart etterfølgd av Athalarik. I 535 byrja ein lang krig med Konstantinopel, og i åra som følgde fekk kongedømet òg vanskar med frankarane som gjekk inn i Italia frå vest. Frå 450 vart kongedømet meir og meir svekka, men dei greidde å herje Roma to gonger. I 552 laut dei oppgje hovudstaden Ravenna til bysantinarane, førte av Narses, og den siste kongen over dei, Teja, miste livet i Slaget ved Lactariusberget i 552. Dei siste osthrogotane i Italia underkasta seg i 555. Italia vart elles hærteke av langobardane alt i 561.



Kongerekkje |



  • Hermanarik til 375



  • Theoderik den store 471-525


  • Athalarik 526-535


  • Theodahad 535-536


  • Vitigis 536-540


  • Totila 541-552


  • Teja 552.



Kjelder |



  • Herwig Wolfram: The Goths



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...