Schleswig Historie | Sjå òg | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmenywww.schleswig.deOffisiell nettstad for...


Byar i Schleswig-HolsteinByar i Tyskland


dansklatinnedertysklandkrinsenKreis Schleswig-FlensburgSchleswig-HolsteinfjordenSchleivikaByenvikinghandelsplassenHedebymellomalderenhandelsbyLübeckSlesvigborgbymurGottorp Slothertuganehertugdømet SlesvigDomkyrkjaSchleswiger DomkyrkjetårnetNiels av Danmarkdanskarden andre slesvigske krigen1864PreussenHolsteinLauenburgførste verdskrig1920Nord-SlesvigSør-SlesvigSchleswig-Holstein




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Schleswig i Iowa.











































Schleswig


Schleswig Gottorf18.jpg






Symbol


Region

Schleswig-Holstein
Distrikt

Schleswig-Flensburg

Areal
2 430 km²

Folketal
24 237
Folketettleik

997 / km²


Postnummer
24837




Schleswig i Tyskland


Schleswig i Tyskland





Schleswig in SL.PNG




Wikimedia Commons: Schleswig

Nettstad: www.schleswig.de


Schleswig (dansk Slesvig, latin Sliaswig, nedertysk Sleswig) er hovudby i landkrinsen Kreis Schleswig-Flensburg (Slesvig-Flensborg) nord i Schleswig-Holstein ved fjorden Schlei (Slien). Fjordnamnet inngår i bynamnet, som kjem av dansk og tyder 'vika ved Slien'.



Historie |


Byen voks fram på nordsida av fjorden etter at vikinghandelsplassen Hedeby vart oppløyst kring 1050. Byen mista allereie i tidleg i mellomalderen statusen som handelsby til Lübeck. Trass i dette hadde byen høg politisk og religiøs status, som hovudby i regionen Slesvig. Fleire gonger vart det bygd ut forsvarsverk med borg og bymur, seinast med Gottorp Slot, som samstundes var sete for hertugane av hertugdømet Slesvig (Herzogtum Schleswig). Domkyrkja i byen, Schleswiger Dom (Sankt Petri kirke), vart bygd i i tida frå 1100-talet til 1400-talet.


Domkyrkja har frå slutten av 1800-talet hatt det høgaste kyrkjetårnet nord i Tyskland. I og ved kyrkja er det ymse gravmonument og minne om dansk-tysk samband. Kong Niels av Danmark skal vera gravlagd i kyrkja. Det finst eit dansk mindretal i Schleswig, og i byen finst det ymse lag der danskar samlar seg.


Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teke over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrig var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig med byen Schleswig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.



Sjå òg |


  • Danskar i Sør-Slesvig


Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad for byen Schleswig

  • Historikk om byen Schleswig

  • Schleswig szene, om hendingar og kultur i Scleswig-området

  • Hiort Lorenzen-Skolen, dansk skule i Schleswig





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...