As-Salt Historie | Kommunedistrikt | Kjelder | Navigasjonsmeny32°02′N 35°44′E32°02′N...

Multi tool use
Byar med 50 000 til 100 000 innbyggjararBusetnader i Balqa guvernementByar i Jordan
arabiskJordanAmmanJerusalemJordandalenJebal Al Qal'aBalqa guvernementmakedonskeAleksander den storebysantinskbiskopAustbreiddaJordanelvamongolanemamelukkBaibarsDet osmanske riketIbrahim PashaPalestinaNablusJordanelvafyrste verdskrigenHerbert SamuelhashimittiskPalestinamandatetAbdullah I
Salt | |
السلط | |
by | |
![]() | |
Land |
![]() |
---|---|
guvernement |
Balqa guvernement |
Høgd |
820 moh. |
Koordinatar |
|
Areal |
48 km² [1] |
- storbyområde |
79 km² |
Folketal |
88 900 (2011) |
Folketettleik |
1 852 / km² |
Grunnlagd |
300 fvt. |
- kommune |
1887 |
Borgarmeister |
Khalid Khashman |
Retningsnummer |
+(962)5 |
![]() ![]() | |
Wikimedia Commons: As-Salt | |
Nettstad: http://www.salt.gov.jo/ar | |
Salt (arabisk السلط, Al-Salt) er ein gammal jordbruksby og administrativt senter vest i det sentrale Jordan. Han ligg ved den gamle hovudvegen frå Amman til Jerusalem, Balqa-høglandet, kring 790–1 100 meter over havet, nær Jordandalen. Han er bygd over tre åsar, og på ein av desse, Jebal Al Qal'a, ligg ruinane av ei borg frå 1200-talet. Han er det administrative senteret i Balqa guvernement.
Stor-Salt kommune har kring 97 000 innbyggjarar (2006), der 65 % er muslimar og 35 % kristne.
Historie |

Byen Salt ligg i eit kupert terreng.
Fil:Old houses in Salt, Jordan.jpg

Hamam-gata i gamlebyen i Salt.
Det er ikkje kjend når byen først vart busett, men ein trur han vart bygd av den makedonske hæren under regjeringstida til Aleksander den store. Byen vart kalla Saltus i bysantinsk tud og var setet for ein biskop. På den tida vart byen rekna for å vere den viktigaste busetanden på Austbreidda av Jordanelva. Busetnaden vart øydelagd av mongolane og så bygd opp att under regjeringstida til mamelukk-sultanen Baibars (1260–1277) og vart eit regionssenter nok ein gong under Det osmanske riket. Tidleg i 1830-åra var Salt igjen angripen, denne gongen under eit raid av den egyptiske statthaldaren Ibrahim Pasha i felttoget hans mot osmanarane i Palestina.
Glanstida til Salt var seint på 1800-talet då handelsfolk reiste frå Nablus for å utvide handelsnettverket sitt aust for Jordanelva. På grunn av mange nye innbyggjarar vart Salt raskt utvida frå ein enkel bondelandsby til ein by med mange elegante bygningar, mange bygd i Nablusi-stil. Mange av bygningane frå denne tida står framleis i Salt i dag.
Etter fyrste verdskrigen var byen staden der Herbert Samuel, britisk høgkommisær i Palestina, valte å annonsere at britane favoriserte eit hashimittisk-styrt område på Austbreidda av Palestinamandatet (dagens Jordan). Dette vart ein realitet i 1921 då Abdullah I vart emir av Transjordan. Salt verka å bli byen som skulle bli valt til hovudstaden i det nye emiratet, sidan det meste av handelen og industrien strøymde gjennom Salt. Salt hadde i denne tida ingen vidaregåande skular. Likevel valte Abdullah byen som hovudstaden i emiratet sitt, men endra etter kvart meining og flytta til Amman då han følte han ikkje kom overeins med notabiliteten i Salt. Amman var på den tida ein liten by med berre 20 000 innbyggjarar, men opplevde etter kort tid rask vekst.
Kommunedistrikt |
Stor-Salt kommune er delt inn i ni distrikt:
Distrikt |
Folketal (2006) |
Areal (Km2) |
|
---|---|---|---|
1 |
Salt |
71 100 |
48 |
2 |
Zai |
2580 |
7.7 |
3 |
Umm Jouzeh |
3355 |
4.2 |
4 |
Wadi Alhoor |
1815 |
1.73 |
5 |
Al-Yazeediyeh |
900 |
1.08 |
6 |
Yarqa |
5300 |
4.154 |
7 |
Ira |
4100 |
4.4 |
8 |
Allan |
4640 |
3.8 |
9 |
Rumaimeen |
2884 |
4,3 |
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Salt i Jordan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Salt Greater kommune
|
oc2mf2,IIa1p0TQj,gMq8lZwBTPxtIayZbfPksR