Maglemosekulturen Innhaldsliste Funnstader | Skildring | Samband med andre kulturgrupper | Sjå òg |...
Arkeologiske kulturar i EuropaSteinalderen i EuropaSteinalderen i NordenSvensk historieDansk historie
arkeologisk kulturgruppemellomsteinalderNord-Europaden siste istidapreboreal tidatlantisk tidDoggerlandMullerupGeorg SarauwHolmegårdSværdborgBare mosseSvalövs sockenLinnebjerÖbackenMalmöAgeröds mosseRingsjönAnderstorpNennesmoBeinhornflintKundakulturenKongemosekulturen
Maglemosekulturen er ei arkeologisk kulturgruppe frå tidleg mellomsteinalder i Nord-Europa. Han er datert frå omlag 9000-talet f.Kr. til 6000-talet f.Kr. Han overlappar enden av den siste istida, og varte klimatisk sett frå midten av preboreal tid til byrjinga av atlantisk tid.[1] Kulturen strekte seg frå dagens Sør-Sverige i aust, gjennom Danmark og Nord-Tyskland, til Aust-England i vest. På denne tida band eit landområde som er blitt kjend som Doggerland saman Fastlands-Europa og den seinare øya Storbritannia.
Innhaldsliste
1 Funnstader
2 Skildring
3 Samband med andre kulturgrupper
4 Sjå òg
5 Kjelder
Funnstader |
Maglemosekulturen har namn etter funnstaden Maglemose ved Mullerup i Vestsjælland. Denne funnstaden blei graven ut av Georg Sarauw i 1900.
Det er også gjort store funn ved Holmegård og Sværdborg i Danmark. I tillegg er det funne buplassar som er svært like fleire stader i Sverige, som Bare mosse i Svalövs socken, Linnebjer i Öbacken ved Malmö og Ageröds mosse ved Ringsjön i Skåne. Anderstorp og Nennesmo i Jönköpings län er dei nordlegaste maglemosebuplassane ein har funne i Sverige. Buplassar frå denne kulturen er dei eldste kjende buplassane i Sverige. Liknande buplassar som også blir rekna til same kulturen er funne i Nord-Tyskland og Aust-England
Skildring |
Folka i Maglemosekulturen verker å ha levd av jakt, fiske og sanking. Bein og horn var viktige materiale som blei brukt til å laga økser, knivar, harpunar og liknande.[2] Ein kunne bruka flint til å laga eggar, men flint var relativt lite brukt og flekketeknikken for flint var lite utvikla. Gjenstandar frå kulturen kan vera pynta med innrissa geometriske mønster som linjer, sikksakklinjer og trekantar. Det finst også stiliserte dyr og menneske.
På buplassane som er undersøkte har ein funne hytter med golv av bork. Dette var truleg sommarbuplassane, medan vinterbuplassane kan vera fløymde over på grunn av havstiging.[2]
Samband med andre kulturgrupper |
Saman med den austbaltiske Kundakulturen danna Maglemosekulturen eit større kulturområde i Nord-Europa.
Kulturen blei avløyst av Kongemosekulturen.
Sjå òg |
- Ahrensburgkulturen
- Star Carr
Kjelder |
↑ Aaby 2006 s. 162
↑ 2,02,1 Hagen, Anders; Solberg, Bergljot (14. februar 2009). «Maglemosekulturen». Store Norske Leksikon.
Denne artikkelen bygger på «Maglemosekulturen» frå Wikipedia på svensk, den 18. desember 2017.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Aaby, B. 2006.Landskab og vegetation omkring Bølling Sø siden sidste istid. I: Valentin Eriksen, B. (red). Stenalderstudie: Tidligt mesolitiske jægere og samlere i Sydskandinavien. Jysk Arkælogisk Selskabs Skrifter 55. Moesgaard.
- Brøndstedt, J.,1966. Danmarks Oldtid I: Stenalderen. Gyllendal. København.
- Burenhult, G., (red) 1999. Arkeologi i Norden 1. Natur och Kultur. Stockholm.
- Cassel, K., 2005. Arkeologiskt program för Jönköpings läns museum. Jönköpings läns museum. Kristianstad.
- Pagoldh, M., 1992. Smålands äldsta (?) boplats funnen långt inne i landet. In: Populär arkeologi, nr 3.
- Pagoldh, M., 1995. Arkeologisk delundersökning av en ca 9 000 år gammal stenåldersboplats I Anderstorp, Småland. Arkeologisk rapport 1995:15. Jönköpings läns museum. Jönköping.
- Sørensen, M. 2006. Teknologiske traditioner i Maglemosekulturen. En diakron analyse af Maglemosekulturens flækeindustri. I: Valentin Eriksen, B. (red). Stenalderstudie: Tidligt mesolitiske jægere og samlere i Sydskandinavien. Jysk Arkælogisk Selskabs Skrifter 55. Moesgaard.