Richard Lestock Kjelder | NavigasjonsmenyOxford Dictionary of National BiographyArtikkel om slaget ved...
EinskildmennFødde i 1679Døde i 1746Britiske admiralarBritar i den austerrikske arvefølgjekrigen
17. desember1746Portsmouth22. februar167917. desember1746Royal Navyadmiralslaget ved ToulonkrigsrettHMS «Vulture»BarcelonaAlicanteGeorge Byngnederlaget ved ToulonMenorcafregattarLisboaVestindiaAustersjøenSkagerrakkaperarflaggskipetslaget ved Kapp PassaroChaloner OgleEdward Vernonkommandørslaget ved Cartagena de Indias1741Nicholas Haddockkontreadmiralslaget ved Toulonden austerrikske arvefølgjekrigen
Richard Lestock | |
Fødd | 22. februar 1679 Portsmouth |
Død | 17. desember 1746 |
Yrke | militærperson |
Richard Lestock (22. februar 1679–17. desember 1746) var ein offiser i Royal Navy og til slutt admiral. Han kjempa i mange slag og var ein kontroversiell person som er best hugsa for nederlaget i slaget ved Toulon, og vart derfor stilt for krigsrett.
Lestock følgde faren sine fotspor inn i marinen. I 1701 vart han tredjeløytnant på «Cambridge» og steig raskt i gradene. Som kommandør på HMS «Vulture» deltok han i frigjeringa av Barcelona og erobringa av Alicante. I 1707 støtta han Sir George Byng i nederlaget ved Toulon, men erobra Menorca året etter. I 1709 vart han angripe av to fiendtlege fregattar utanfor Lisboa og vart tvungen til å overgje skipet. Heime i England vart han stilt for krigsrett for å ha tapt skipet, men vart frikjend 31. august 1709.
Dei neste åra segla han i britiske flåtar i Vestindia og i Austersjøen, der han fekk kommando over ein skvadron på sju skip. I Skagerrak utmerkte han seg ved å ta svenske kaperar og Byng gjorde han til andrekaptein på flaggskipet sitt under slaget ved Kapp Passaro i 1718. Dei neste ti åra steig han ikkje i gradene, men vart etter kvart kaptein over eige skip. I 1739 segla han med Sir Chaloner Ogle til Vestindia, der han av viseadmiral Edward Vernon vart utpeikt til kommandør og tredjekommanderande av flåten. Lestock deltok i slaget ved Cartagena de Indias, der han fekk i oppdrag å angripe Fort San Luis den 23. mars 1741. Slaget enda med nederlag og Lestock returnerte til England, der han tok kommando over ein skvadron som segla til Middelhavet for å støtte Nicholas Haddock. I 1742 vart han utnemnde til kontreadmiral og då Haddock måtte reise heim på grunn av sjukdom, vart Lestock øvstkommanderande for ein kort periode.
I 1744 deltok Lestock i slaget ved Toulon under den austerrikske arvefølgjekrigen. Slaget vart eit nederlag for britane og Lestock vart skulda for ikkje å ha følgd eller forstått den opphavlege åtaksplanen, men vart igjen frikjend heime i England, og berre to dagar seinare, 3. juni 1746, vart han utnemnde til admiral og fekk kommandoen over ein stor skvadron. 13. desember 1746 døydde han av ein magesjukdom.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Richard Lestock» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Oxford Dictionary of National Biography
- Artikkel om slaget ved Toulon
|