Hjørdis Innhaldsliste Bruken av namnet i Noreg | Kjende namneberarar | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...
KvinnenamnFørenamn av norrønt opphav
norrøntnamnedag14. februarEidsvollførste verdskrigen
Arkitekten Hjørdis Grøntoft.

Lotten Dorsch-Bosin som Hjørdis i Kämparne på Helgeland (svensk versjon av Hærmændene paa Helgeland av Ibsen)
Hjørdis er eit kvinnenamn, av norrønt Hjǫrdís, samansett av hjǫrr, 'sverd' og dís, 'gudinne'.
Hjørdis har norsk namnedag den 14. februar.
Innhaldsliste
1 Bruken av namnet i Noreg
2 Kjende namneberarar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Bruken av namnet i Noreg |
Namnet Hjørdis kom i bruk i Noreg omkring 1860, først registrert på Eidsvoll.[1] Populariteten steig kraftig og namnet vart mykje bruka fram mot ein topp i tida rundt første verdskrigen. Den siste mannsalderen har få jenter fått dette namnet.
- Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet
- Ved folketeljinga i 1900 var 2137 registrerte med namnet i formene Gjørdis, Gørdis, Hiørdis, Hjørdis, Hjørdiss, Hyørdis, Hørdis, Jørdis, Yørdis
- I 2008 hadde 2805 kvinner Hjørdis til første fornamn.
Kjende namneberarar |
- Segnfiguren Hjørdis, mor til Sigurd Fåvnesbane
Hjørdis Grøntoft Raknerud (1878–1918), norsk arkitekt
Hjørdis Landmark (1882-1961), norsk kunstnar
Hjördis Nerheim (f. 1940), norsk filosofiprofessor
Hjørdis Kurås (f. 1974), norsk kunstnar
Hjørdis Høsøien, norsk handballspelar
Kjelder |
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
↑ Folketeljing 1865
Bakgrunnsstoff |
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hjørdis hjå Statistisk Sentralbyrå