Kagera Innhaldsliste Geografi | Historie | Kjelder | NavigasjonsmenyKagera RiverGeoNames
Elvar i AfrikaElvar i BurundiElvar i RwandaElvar i TanzaniaElvar i Uganda
AfrikaVictoriasjøenNilenBurundiRwandaTanzaniaRusumofallaUgandaRuvubuAkagera nasjonalparkfolkemordet i Rwanda
- Sjå òg regionen Kagera i Tanzania.
Kagera (også kalla Akagera) er ei elv i det sentrale Afrika. Ho er ei tilløpselv til Victoriasjøen, og vert ofte rekna som det fjernaste tilløpet til Nilen. Elva er rundt 400 kilometer lang.[1]
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Historie
3 Kjelder
3.1 Referansar
Geografi |
Elva byrjar i Burundi og renn i austleg retning. Ho er grenseelv over store delar av løpet sitt, fyrst mellom Rwanda og Burundi, og deretter mellom Rwanda og Tanzania. Etter Rusumofalla snur elva (og grensa) mot nord og deretter nordvest til ho møter grensa til Uganda. Her snur elva brått mot aust og er framleis grenseelv, no mellom Tanzania og Uganda. Etter kvart snur elva gradvis mot søraust og forlèt grensa og renn inn i Tanzania, før ho på den siste delen snur mot nordaust, kryssar grensa igjen og renn inn i Uganda, der ho munnar ut i Victoriasjøen ved Mubanzi, fem kilometer nord for grensa.
Den største sideelva er Ruvubu, som ho går saman med like ovanfor Rusumofossen. Elva har gjeve namn til Akagera nasjonalpark i det nordlege Rwanda.
Historie |
Under folkemordet i Rwanda vart Kageraelva vidgjeten for fjernsynsbileta av massakrerte menneske som dreiv langs elva, som ved brua over Rusumofalla, der bileta viste flyktningar som rømde frå landet medan lika flaut forbi under brua. Ettersom Kagera drenerer heile Rwanda, unnateke områda lengst mot vest, vart alle lika som hadde vorte dumpa i elvar over heile landet etter hvert førde ned til Kagera, og deretter heilt ned til Victoriasjøen, over 200 kilometer nedstraums frå Rwanda. Dette førde i sin tur til at det vart unntakstilstand rundt utløpet i Victoriasjøen i Uganda, der lika til slutt enda opp.
Kjelder |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av «Kagera» på Wikipedia på riksmål, innhenta 1. januar 2010.
Referansar |
↑ «Kagera River» i nettutgåva til Encyclopædia Britannica.
|