Jakob Olsen Skjerven Kjelder | NavigasjonsmenyPolSys
EinskildmennFødde i 1807Døde i 1876Stortingsrepresentantar for VestfoldStortingsrepresentantar 1848-1850Stortingsrepresentantar 1859-1861Stortingsrepresentantar 1862-1864Ordførarar i LardalNorske gardbrukararFolk frå Larvik
23. februar187624. august180723. februar1876LardalVestfoldOle J. SchjervenheradsstyretordføraramtetJarlsberg og Larvik amtStortinget
Jakob Olsen Skjerven | |
| Fødd | 24. august 1807 Lardal |
| Død | 23. februar 1876 |
| Yrke | bonde, politikar |
Jakob Olsen Skjerven (24. august 1807–23. februar 1876) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold. Han var far til Ole J. Schjerven.
Far hans var gardbrukar. Sjølv tok han i si tid over farsgarden Skjerven. Han var medlem av heradsstyret i 18 år, 12 av dei var han ordførar. Elles var han styremedlem i amtet sin landbruksskule på Rise.
Skjerven representerte Jarlsberg og Larvik amt på Stortinget i 1848 og 1859-64. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 1 og i 1859-60 av gasje- og pensjonskomiteen. På Stortinget 1862-63 møtte han berre nokre få dagar, då han to gonger melde sjukdomsforfall.
Han døydde på garden sin i 1876.
Kjelder |
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
|