Orinocobeltet Historie | Kjelder | Navigasjonsmeny«The Orinoco Heavy Oil Belt in Venezuela»«An...


CS1 errors: coauthors without authorVenezuelansk geografi


spanskGuáricoAnzoáteguiMonagasVenezuelaOrinocokilometerfatekstra tung råolje og bitumenUnited States Geological Survey (USGS)PDVSAUSD20062012AtlanterhavskystenTrinidad og Tobago193719561957190919281539tynne1967198319951998Sincor2005ekstra tung råolje og bitumenfat






Kart som viser omrisset av Orinocobeltet med blå strek og Det austvenezuelanske bassenget i raud strek


Orinocobeltet, spansk Faja Petrolífera del Orinoco, er eit samanhengjande område med petroleumsressursar i delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas i Venezuela. Området ligg som eit belte på nordsida av Orinoco i ei lengd på ca. 600 kilometer i vest-aust retning og sørgrensa følgjer elvefaret i stort monn. Flatevidda på ca. 54 000 km². Estimat for sikre petroleumsreservar som kan takast ut pr. 2005 er 37 milliardar fat ekstra tung råolje og bitumen. I 2010 la United States Geological Survey (USGS) fram eit estimat på 513 milliardar fat, mål for det dei kallar teknisk utvinnbare reservar, utan omsyn til kostnadar.[1] Det venezuelanske oljeselskapet PDVSA vil investere USD 12 milliardar i perioden frå 2006 til 2012. Det skal doble dagsproduksjonen til 1,2  millionar fat. [2]


Orinocobeltet er òg ein del av, og ligg i sørvesthjørnet av eit større geologisk område, kalla Det austvenezuelanske bassenget. Bassenget strekkjer seg ut til havs fleire hundre kilometer ut frå Atlanterhavskysten og femnar om delar av Trinidad og Tobago. [3]



Historie |


Det første oljefunnet i Orinocobeltet skjedde i 1937. Faja Petrolífera del Orinoco som eit omgrep kom i bruk frå 1956-1957 då det vart sett i gang produksjon av ekstra tung råolje frå ein brønn som gav 20  000 fat om dagen. Før det vart området lengre nord i Det austvenezuelanske bassenget utforska frå år 1909, eit større felt, Quiriquirefeltet vart funnen i 1928 og sidan utnytta. Men allereie i 1539 fann spanjolane olje som sivde opp av jorda og tok med seg ei tynne olje til kongen.


I 1967 kom ei første evaluering av sjølve Orinocobeltet og i 1983 gjorde PDVSA ferdig ei undersøking som førte til at 600 nye oljebrønnar vart bora i Orinocobeltet. Beltet vart delt inn i fire namngjevne område for utforsking og produksjon. Desse er frå vest mot aust: Boyacá, Junín, Ayacucho og Carabobo. Fram til 2005 var namna høvesvis Machete, Zuata, Hamaca og Cerro Negro. Vidare er dei fire områda delt inn i til saman 27 blokker.


Den venezuelanske regjeringa sette i 1995 i gang eit initiativ for å få auka utnyttinga av Orinocobeltet ved å opne for bod på konsesjonar til fleire nye blokker, også opent for utanlandske selskap. Dette gav USD 2 milliardar i bonusar til regjeringa, og tiltaket førte til at fire prosjekt kom i aktivitet innan 1998: Petrozuata, Cerro Negro, Sincor, og Hamaca.[4]


I 2005 meinte PDVSA at Orinocobeltet inneheld ekstra tung råolje og bitumen i ei mengd på 1 360 milliardar fat, og av det reknar dei at 23 % kan verte utnytta. [5]


Så langt er ca. 11 593 km² av Orinocobeltet utforska.



Kjelder |





  • Talwani, Manik (September 2002). «The Orinoco Heavy Oil Belt in Venezuela» (pfd). The James A. Baker III Institute for Public Policy of Rice University. Henta 27. november 2010. 


  • «An Estimate of Recoverable Heavy Oil Resources of the Orinoco Oil Belt, Venezuela» (PDF) (på engelsk). United States Geological Survey (USGS). 11 January 2010. Henta 27 november 2010.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp); |coauthors= requires |author= (hjelp)

  • «Orinoco Belt» frå Wikipedia på engelsk




Referansar |




  1. USGS, 2010


  2. Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, November, 21, 2005


  3. Artikkel i Encyclopedia of Earth: Orinoco Heavy Oil Belt, Venezuela


  4. Technology, Money Unlocking Vast Orinoco Reserves, Oil and Gas Journal, October, 19, 1998


  5. Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, November, 21, 2005




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...