Öjersjö Historie | Kommunikasjon | Kjelder | Navigasjonsmeny57°42′8.3268″N...


Partille kommunTettstader i Västra Götalands län


svensktettstadPartille kommunVästra Götalands länlandskapetVästergötland2005innbyggjararmiddelklassenGöteborgKåsjönKnipeflågbergens naturreservatDelsjöområdets naturreservatLandvetter lufthamn




Koordinatar: 57°42′8.3268″N 12°8′48.332″E
Öjersjö er ein svensk tettstad i Partille kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I år 2005 hadde tettstaden 2 739 innbyggjarar.



Historie |


Ein finn ein særskilt type kulturlandskap i Öjersjö. Her skil landskapet seg frå dei mer fruktbare dalane, og ein ser spor etter korleis det var drive jordbruk i skogstrakter. Steinrøyser vitnar om strevet det kosta å dyrke denne jorda. Staden Öjersjö blei etablert på 1500- og 1600-talet. Bygda bestod av seks gardar som seinare blei oppdelt til tolv.


Öjersjö var deretter eit skogvokse hytteområde for middelklassen i Göteborg. I 1950-åra byrja ein å bygge heilårsbustader. Hytter blei ombygd til helårsbustader eller rivne til fordel for nye villaer. På 1980-talet skaut villabygginga fart, og i dag er det nesten ingen hytter eller ledige tomter igjen.


Opphavet til namnet Öjersjö har ikkje noko med sjø å gjere. Det kjem av Øiars röjning (norsk: Øiars rydning)[1] ein nybyggar ved namn Øiar ryddet seg jord i området på 1400-talet for å skape seg ein buplass. Etter alle år har opphavet til namnet gått i gløymeboka, og ordet sjø har i staden snike seg inn i stadnamnet.


Öjersjö er i dag blant dei dyraste bustadområda i Partille kommune. Plasseringa ved Kåsjön og Knipeflågbergens naturreservat, som igjen grensar til Delsjöområdets naturreservat, gjer Öjersjö til eit attraktivt buområde. Kåsjön utgjer i dag drikkevassreservoaret til Partille kommune.


Folkesetnaden har auka med 25 prosent frå 2000 til 2007, frå 2690 innbyggjarar til 3361. I følgje kommunen er innbyggjartalet venta å stige med ytterlegare 15 prosent innan 2012.



Kommunikasjon |


Til Göteborg tar det ca. 10 minutter med bil og 18 minutter med buss. Det er ca. 12 km til Landvetter lufthamn.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Öjersjö» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2012.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. Svenskt ortnamnslexikon 2003, side 387









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...