Inguri Bakgrunnsstoff | Kjelde | NavigasjonsmenyInguribrua, kontrollposten mellom Georgia og...


Elvar i AbkhasiaElvar i Georgia


GeorgiaAbkhasiavasskraftproduksjonenKaukasusfjellaSjkharaSvartehavetZugdididen georgisk-abkhasiske konfliktenInguridemningen

































Inguri

abkhasisk: Ингур, Ingur
georgisk: ნგური, Enguri
russisk: Ингури, Inguri


elv

InguriRiverGorge.JPG

Inguridalen i Svaneti

Land

Flag of Georgia.svg Georgia


Lengd
213 km

Kjelde

Store Kaukasus
Munning

Svartehavet



Wikimedia Commons: Inguri River


Inguri er ei elv vest i Georgia. Ho er 213 km lang og har sitt utspring på grensa til den autonome republikken Abkhasia. Elva spelar ei viktig rolle for vasskraftproduksjonen i området.


Elva har sitt utspring høgt i Kaukasusfjella nær det høgaste fjellet i Georgia, Sjkhara, og snor seg gjennom fjelldalane mot nordvest før ho snur sørvestover og munnar ut i Svartehavet nær Zugdidi.


Etter den georgisk-abkhasiske konflikten (1992-1993) har både Georgia og Abkhasia troppar langs elva. Russland har òg fredsbevarande styrkar her. Det einaste lovlege kryssingspunktet er den 870 meter lange Inguribrua, som vart bygd av tyske krigsfangar frå 1944 til 1948. Det finst òg fleire ulovlege overgangar over elva.


Elva spelar ei viktig rolle i georgisk kraftproduksjon. I 1988 vart Inguridemningen bygd med ei høgd på 240 meter. Dette er den største konstruksjonen i Kaukasus. Han har ein kapasitet på 1,1 millionar kubikkmeter vatn, og vasskraftverket produserer 4,5 millionar kW energi per år, om lag 40 % av den nasjonale energiproduksjonen. Kapasiteten er 1 300 megawatt.



Bakgrunnsstoff |



  • Inguribrua, kontrollposten mellom Georgia og Abkhasia

  • Inguridemningen, statistikk og bilete



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Inguri frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...