Maskesongar Skildring | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenySpectacled Warbler (Sylvia...


Livskraftige artarSongarfamilien


fuglsongarfamilienNordvest-AfrikaSørvest-EuropaAtlanterenMiddelhavetKyprostornsongaratlassongarraudstrupesongarIberiaItaliaMidt-AustenKapp VerdeKanariøyaneMadeiratrekkerEgypt









































Maskesongar

Status i verda: LC Livskraftig


Maskesongar Foto: Juan Emilio
Maskesongar
Foto: Juan Emilio


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:

Sylviidae
Slekt:
Sylvia

Art:

S. conspicillata

Namn på andre språk


  • Engelsk: Spectacled Warbler

    • Bokmål: Maskesanger




  • Vitskapleg namn
    Sylvia conspicillata

    Temminck, 1820


    Maskesongar (Sylvia conspicillata) er ein fugl i songarfamilien og medlem av slekta Sylvia, som òg vert kalla «typiske songarar». Det artsspesifikke namneleddet conspicillata er frå latin conspicillum, ein stad å sjå frå, tilsvarer «å ha på seg briller».[1] Arten har hovudsakleg utbreiing i Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, nærliggande øyar i Atlanteren og Middelhavet, dessutan ved austre Middelhavet inkludert Kypros.



    Skildring |


    Dette er ein liten «songar», han har ei kropsslengd på ca. 13 centimeter og veg i området 7,8 til 13,1 gram[2] og er ein mellomting mellom tornsongar og atlassongar i fjørdrakt. Maskesongarar har brun overside og brungul underside, med kastanjefarga vengeflekker og ein kvit strupe. Vaksne hannar har grått hovud og kvit augering som gjev arten namnet. Umodne fuglar liknar både tornsongar og raudstrupesongar, og identifikasjon er vanskeleg ute i feltet. Songen er ei snøgg, høg trille.


    Maskesongarar hekkar i nordvestlige Afrika, sørvestre Europa frå Iberia til Italia, på dei store øyane i vestlege Middelhavet, og vidare på Kypros og kystnære område i Midt-Austen. Underarten S. c. orbitalis lever på Kapp Verde, Kanariøyane og Madeira. Den nordlegaste delen av populasjonen trekker til Nord-Afrika inkludert Egypt. Denne fuglen er ein sjeldan streiffugl til Nord- og Vest-Europa.


    Desse små sporvefuglane lever i tørt, ope landskap med buskar. I likskap med slektningane sine, er maskesongar ein insektetar.


    Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 332 000-900 000 individ. Arten er klassifisert som livskraftig.[3]



    Kjelder |



    • Denne artikkelen bygger på «Spectacled Warbler» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2016.


    Referansar




    1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 117, 376. ISBN 978-1-4081-2501-4. 


    2. Aymí, R. & Gargallo, G. (2016) Spectacled Warbler (Sylvia conspicillata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. desember 2016


    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Sylvia conspicillata. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. desember 2016




    Bakgrunnsstoff |




    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maskesongar







    Popular posts from this blog

    What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

    Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

    Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...