Hn/Pokémon Snap Råma åt spelet | Bygnaden åt spelet | Navigasjonsmeny


Høgnorske flokkar


Nynorsk WikipediahøgnorskPokémon SnapNintendo 64Virtual ConsoleWiiPokémonstrandtunnelvulkanelvholedalskyene





Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.

Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Pokémon Snap».



.


Pokémon Snap er eit videospel fyrst gjeve ut fyr Nintendo 64, og seinare på Virtual Console på Wii. Spelet er ei deild av Pokémon-serien, og vart fyrste gong gjeve ut i Europa 15. september i 1999. Utgåva på Virtual Console er det fyrste som hev vorte brigda sidan den upphavlege utgjevingi; på Virtual Console kann ein senda bilæte ein hev teke til uppslagstavla på konsollen. Dessutan vart dømenamnet åt hovudpersonen brigda frå Todd til Todd Snap, og pokémonen Jynx fekk liten blåraud i staden fyre den upphavlege svarte. Spelet hev 63 av dei 151 upphavlege pokémonane.



Råma åt spelet |


Spelet sviv um ein pokémonfotograf som heiter Todd Snap. Han vert henta åt ei øy av Professor Oak, som tarv bilæte i høg kvalitet fyr å stydja dei vitskaplege uppdagingane han hev gjort. Øyi hev fleire vêrlag, som Todd granskar med ein særeigen farkost.



Bygnaden åt spelet |


I spelet kann ein ikkje røra seg fritt, men langsmed ei ruta som er fastsett på fyrehand. Medan ein rører seg langsmed denne ruta, skal ein taka bilæte av ymse pokémonar som syner seg. Ein kann taka upp til 60 bilæte på éin tur, og når turen er ferdig dømer Professor Oak eitt av bilæti som ein vel. Dette dømer han ut frå fleire haldepunkt, til dømes storleik og haldning på pokémonen og anna.


Spelet hev sjau ulike banor: strand, tunnel, vulkan, elv, hole, dal, og ei serbana uppe i skyene. Med tidi kan ein uppdaga mykje nytt i banone, til dømes nye rutor, pokémonar, eller nye vis å få ein høg poengsum på.


Det er fleire hjelpemidel ein kann nytta fyr å få betre bilæte. Ein kann nytta eple, som lokkar til seg pokémonar, sereigne ballar, som kan slå ut, tvinga fram, eller få ein Pokémon til å te seg onnorleis, pokéfløyta, som vekkjer sovande pokémonar, og ein kan auka snøggleiken til farkosten.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...