Fridtjof Nansen Innhaldsliste Yrkesliv | Privatliv | Bibliografi | Litteratur | Bakgrunnsstoff |...
EinskildmennFødde i 1861Døde i 1930Norske oppdagararNorske polfarararNorske zoologarNorske oseanografarNorske diplomatarVinnarar av Nobels fredsprisArktiske polfarararFrans Josefs landKarahavetVitskapsfolk frå OsloPolitikarar frå OsloSt. Olavs OrdenNorske nobelprisvinnararNorske arktisfarararProfessorar ved Universitetet i OsloMedlemmar av Det Norske Videnskaps-AkademiMedlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Nobels fredspris192210. oktober186113. mai1930norskpolarfararoppdagardiplomatvitskapsmannpolitikkNoregHenrik Ibsenflyktningarnaturforskarunionsoppløysinga i 1905zoologiBergens Museum1888Grønlandskifolkehelt1893Nordpolen«Fram»Hjalmar JohansenSt. Olavs Orden18891896professorzoologioseanografiUniversitetet i OsloambassadørLondon190608Folkeforbundethøgkommisær for flyktningarNobels fredspris1922riksmålsmannKristianiaOslo10. oktober1861sakførarBaldurFrithjofAdelaideJohanneWedel-JarlsbergmajorbaronChristian Frederik Vilhelm Wedel-Jarlsberg6. september1889Eva SarsMichael Sars9. desember19071919Sigrun Munthe13. mai1930den norske nasjonaldagen17. maiGravferdaUniversitets AulaPolhøgdaLysakerBærum1958stiftingFridtjof Nansen-StiftelsenforskingFridtjof Nansens Institutt
Fridtjof Nansen | |
| |
Fødd | Fridtjof Wedel-Jarlsberg Nansen 10. oktober 1861 Bydel Vestre Aker |
---|---|
Død | 13. mai 1930 Polhøgda |
Nasjonalitet | Noreg |
Område | oseanografi |
Yrke | Polfarar, diplomat og vitskapsmann |
Institusjonar | Universitetsmuseet i Bergen Universitetet i Oslo |
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Eva Nansen |
Barn | Odd Nansen, Irmelin Revold |
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det prøyssiske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet |
Nobels fredspris
1922
Fridtjof Nansen (først stava Frithjof) (10. oktober 1861–13. mai 1930) var ein norsk polarfarar, oppdagar, diplomat og vitskapsmann som òg var sterkt engasjert i politikk og humanitært arbeid. Nansen er ein av dei mest internasjonalt kjende av folk frå Noreg, kan hende på line med Henrik Ibsen. Han vert mest hugsa for dristige polarekspedisjonar, og arbeid med flyktningar. I tillegg var han ein banebrytande naturforskar og ein viktig talsmann for Noreg i samband med unionsoppløysinga i 1905.
Innhaldsliste
1 Yrkesliv
2 Privatliv
3 Bibliografi
4 Litteratur
5 Bakgrunnsstoff
Yrkesliv |
Nansen studerte zoologi, og vart tilsett som konservator ved Bergens Museum si zoologiske avdeling. I 1888 kryssa han Grønland på ski, og vart feira som folkehelt.
I 1893 leia han ein ekspedisjon til Nordpolen med «Fram», ei reise som tok over tre år. Saman med Hjalmar Johansen nådde Nansen 86° 14' N, det nordlegaste punktet noko menneske hadde vore på til den tid.
Nansen vart riddar av St. Olavs Orden i 1889, vart tildelt storkrossen av same orden i 1896 og storkrossen med kjede i 1925. Han var også professor i zoologi og oseanografi ved Det Kgl. Frederiks Universitet (seinare kjend som Universitetet i Oslo), ambassadør i London 1906-08 og Folkeforbundet sin høgkommisær for flyktningar. Nansen fekk Nobels fredspris i 1922.
Fridtjof Nansen var også ein aktiv riksmålsmann.
Privatliv |
Fridtjof Nansen vart fødd på Store Frøen gard rett utanfor Kristiania (Oslo) den 10. oktober 1861. Far hans var sakførar Baldur Frithjof Nansen. Mor hans var Adelaide Johanne Thekla Isidore Bølling, fødd Wedel-Jarlsberg, dotter av major og baron Christian Frederik Vilhelm Wedel-Jarlsberg. Nansen hadde seks halvsysken og ein bror.
Fridtjof Nansen gifta seg 6. september 1889 med konsertsongarinna Eva Sars, dotter av presten og naturforskaren Michael Sars. Eva Nansen døydde 9. desember 1907. Saman hadde dei fem born. Nansen gifta seg på nytt i 1919 med Sigrun Munthe.
Han døydde 13. mai 1930, 68 år gamal og vart gravlagd på den norske nasjonaldagen 17. mai. Gravferda frå trappa framfor Universitets Aula vart ei nasjonal hending med to minutt stille og flagg på halv stong over heile landet. Urna hans vart sett ned i hagen på heimen hans, Polhøgda ved Lysaker i Bærum. Frå 1958 er Polhøgda ei sjølveigande stifting. Fridtjof Nansen-Stiftelsen har som oppgåve å driva forsking knytt til Nansen sine arbeidsfelt. Forskinga skjer gjennom Fridtjof Nansens Institutt.
Bibliografi |
Fridtjof Nansen (1897). Fram over Polhavet. Den norske polarfærd 1893–1896. 2. Kristiania: Aschehoug.
Fridtjof Nansen (1891). Eskimoliv. Kristiania: Aschehoug.
Litteratur |
Karl H. Brox (1991). Eva og Fridtjof Nansen - et samliv. Gyldendal. ISBN 82-05-20230-3.
Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle, red. (2004). Norsk Polarhistorie. Gyldendal. ISBN 82-05-32654-1.
Roland Huntford (1996). Fridtjof Nansen. Mennesket bak myten. Oslo.
Harald Dag Jølle (2011). Nansen – Oppdageren. Gyldendal. ISBN 9788205384187.
Ragnar Kvam (2000). De fire store og hvordan de ledet sine menn. Gyldendal. ISBN 82-05-27107-0.
- Berit Tolleshaug: Fridtjof Nansen: en norsk helt i en gresk tragedie?. Pax, (2001)
Carl Emil Vogt (2007). Nansens kamp mot hungersnøden i Russland 1921-23. Aschehoug. ISBN 978-82-03-23371-5.
Carl Emil Vogt (2011). Fridtjof Nansen: Mannen og verden. Cappelen Damm. ISBN 978-82-02-30665-6.
Audun Renolen Aasbø (2009). Skiløperkunstens poetikk. Om Fridtjof Nansens litterære manøvrer under den moderne skiidrettens fremvekst. Masteroppgåve ved Universitetet i Oslo.
Bakgrunnsstoff |
«The Nobel Peace Prize 1922». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.
«Fridtjof Nansen - Facts». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.
En fotografisk vandring i Nansens liv og virke på http://www.nb.no (Nasjonalbiblioteket)
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|