A Trick of the Tail Innhaldsliste Genesis etter Gabriel | Innspeling | Videoar | Mottaking | Innhald...
Genesis-albumMusikkalbum frå 1976Plateomslag av HipgnosisVirgin Records-albumAtlantic Records-albumAlbum produserte av David HentschelAtco Records-albumCharisma Records-album
GenesisPhil CollinsPeter GabrielTony BanksSquonkTrident StudiosDavid HentschelA Trick of the TailMike RutherfordPeter GabrielAnthony PhillipsChris StewartJohn SilverJohn MayhewMick BarnardSteve HackettRay WilsonThe Silent SunThe Knife (Part 1)Watcher of the SkiesI Know What I Like (In Your Wardrobe)The Carpet CrawlersEntangledA Trick of the TailSpot The Pigeon (EP)Follow You Follow MeMany Too ManyTurn It On AgainDuchess
A Trick of the Tail Studioalbum av Genesis | ||
Utgjeve | 2. februar 1976 (UK), 20. february 1976 (US) | |
Innspelt | oktober–november 1975, Trident Studios | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 51:11 | |
Selskap | Charisma, Virgin, Atco | |
Produsent | David Hentschel og Genesis | |
Kritikk | ||
---|---|---|
| ||
Genesis-kronologi | ||
The Lamb Lies Down on Broadway (1974) | A Trick of the Tail | Wind & Wuthering (1976) |
A Trick of the Tail er det sjuande studioalbum av det engelske rockebandet Genesis og det første med trommeslagar Phil Collins som fulltids solovokalist og det første utan den originale vokalist Peter Gabriel. Det kom ut i februar 1976.
Innhaldsliste
1 Genesis etter Gabriel
2 Innspeling
3 Videoar
4 Mottaking
5 Innhald
5.1 2007-utgåve
6 Medverkande
7 Kjelder
8 Bakgrunnsstoff
Genesis etter Gabriel |
Etter Peter Gabriel forlet Genesis søkte dei gjenverande medlemmane etter ein erstattar, sjølv om somme medlemmar (hovudsakleg Tony Banks) foreslo at dei kunne halde fram som eit instrumentalt band. I starten ønskte ikkje Phil Collins å ta over for Peter Gabriel, og ønskte heller å leite etter ein ny songar. Ein av dei 400 personane som var på prøvespel, Mick Stickland, fekk nesten jobben, men bandet valte å ikkje ta han inn. Bandet hadde alt spelt inn det meste av musikken til A Trick of the Tail og denne var i ein toneart som Stickland ikkje var komfortable å synge i. Då dei ikkje fann noko ny vokalist, gjekk Collins motvillig i studio for å synge «Squonk» og bandet avgjorde då at Collins skulle bli den nye vokalisten.
Innspeling |
Albumet vart spelt inn i Relight Studios og miksa i Trident Studios i oktober og november 1975. Det var det første albumet dei produserte i lag med David Hentschel, som arbeidde med bandet dei neste fire åra.
Videoar |
For første gongen i karrieren filma Genesis musikkvideoar til songane deira. Tre videoar vart laga. Banks sin «A Trick of the Tail» var den første, der ein ser bandet spele i lag kring eit piano. Ein miniatyr av Phil Collins kan ein sjå hoppande på eit piano og ein gitar. Collins sa sida at denne videoen var den mest kleine i heile karrieren hans. Den andre videoen var for songen «Ripples», der bandet framfører songen. Den tredje var for «Robbery, Assault and Battery» som syner Collins som bankrøvar som skyt eit eldre mann (spelt av Mike Rutherford) før han blir forfølgd av politifolk (spelt av resten av bandet).
Mottaking |
A Trick of the Tail gjekk heilt til tredjeplassen i Storbritannia og låg på albumlista i 39 veker. I USA nådde albumet 31. plass på albumlista. I tillegg selde albumet til gullplate i USA i mars 1990. Suksessen gjorde godt for økonomien til Genesis, som hadde $400 000 i gjeld på tida då Peter Gabriel slutta i bandet.
Innhald |
Side ein | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd | |||||
1. | «Dance on a Volcano» | Mike Rutherford | Tony Banks, Phil Collins, Steve Hackett, Rutherford | 5:53 | |||||
2. | «Entangled» | Hackett | Hackett, Banks | 6:28 | |||||
3. | «Squonk» | Rutherford | Rutherford, Banks | 6:27 | |||||
4. | «Mad Man Moon» | Banks | Banks | 7:35 |
Side to | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd | |||||
1. | «Robbery, Assault and Battery» | Banks, Collins | Banks, Collins | 6:15 | |||||
2. | «Ripples...» | Rutherford | Rutherford, Banks | 8:03 | |||||
3. | «A Trick of the Tail» | Banks | Banks | 4:34 | |||||
4. | «Los Endos» | (instrumental) | Banks, Collins, Hackett, Rutherford | 5:46 | |||||
51:11 |
2007-utgåve |
Ei ny utgåve av A Trick of the Tail kom ut i 2007 i Storbritannia og Japan. Han vart gjeven ut i Nord-Amerika som ein del av Genesis 1976-1982-boksen same året. Denne utgåvea inneheld heile albumet i stereo, heile albumet i kringlyd og tilknytte videospor.
Medverkande |
Mike Rutherford – bassgitar, 12-strengsgitar, basspedalar
Tony Banks – orgel, synthesiser, piano, korvokal, 12-strengsgitar, mellotron
Phil Collins – vokal, korvokal, trommer, perkusjon
Steve Hackett – elektrisk gitar, 12-strengsgitar
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «A Trick of the Tail» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «A Trick of the Tail – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012.
↑ Andy Fyfe Q,. mai 2007, Issue 250.
↑ Mick Houghton Uncut,. mai 2007, Issue 120.
↑ Nicholson, Kris (20. mai 1976). «Genesis: Trick Of The Tail : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20 June 2008. Henta 24. september 2012.
↑ Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8.
Bakgrunnsstoff |
- Videoklipp for A Trick of the Tail
Genesis | |
---|---|
Tony Banks · Mike Rutherford · Phil Collins Peter Gabriel · Anthony Phillips · Chris Stewart · John Silver · John Mayhew · Mick Barnard · Steve Hackett · Ray Wilson
| |
Studioalbum | From Genesis to Revelation · Trespass · Nursery Cryme · Foxtrot · Selling England by the Pound · The Lamb Lies Down on Broadway · A Trick of the Tail · Wind & Wuthering · ...And Then There Were Three... · Duke · Abacab · Genesis · Invisible Touch · We Can't Dance · Calling All Stations |
Konsertalbum | Genesis Live · Seconds Out · Three Sides Live · The Way We Walk, Volume One: The Shorts · The Way We Walk, Volume Two: The Longs · Live over Europe 2007 |
Samlealbum | Turn It On Again: The Hits · Platinum Collection |
Singlar og EPar | «The Silent Sun» · «A Winter's Tale» · «Where the Sour Turns to Sweet» · «The Knife (Part 1)» · «Happy the Man» · «Watcher of the Skies» · «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» · «Counting Out Time» · «The Carpet Crawlers» · «Entangled» · «A Trick of the Tail» · «Your Own Special Way» · «Spot The Pigeon (EP)» · «Follow You Follow Me» · «Many Too Many» · «Turn It On Again» · «Duchess» · «Misunderstanding» · «Abacab» · «No Reply at All» · «Keep It Dark» · «Man on the Corner» · «3X3 (EP)» · «Paperlate» · «Mama» · «That's All» · «Home by the Sea» · «Illegal Alien» · «Taking It All Too Hard» · «Invisible Touch» · «Throwing It All Away» · «Land of Confusion» · «In Too Deep» · «Tonight, Tonight, Tonight» · «No Son of Mine» · «I Can't Dance» · «Hold on My Heart» · «Jesus He Knows Me» · «Never a Time» · «Invisible Touch (Live)» · «Tell Me Why» · «Congo» · «Shipwrecked» · «Not About Us» · «The Carpet Crawlers 1999» · «The Silent Sun 2006» |
|