Françoise Mbango Etone Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1976Kamerunske friidrettsutøvararFranske friidrettsutøvararOlympiske meistrar for KamerunDeltakarar under sommar-OL 2000Deltakarar under sommar-OL 2004Deltakarar under sommar-OL 2008TresteghoppararLengdehopparar


YaoundéKamerunVM i friidrett 2001EdmontonTatjana Lebedevaverdsmeisterskapenolympiske leikane 2004AtenBeijing-OLEM i friidrett 2012Helsinki
























Françoise Mbango Etone

Statsborgarskap Frankrike
Fødd
14. april 1976
Yaoundé
Idrett
friidrett
Yrke
friidrettsutøvar

Françoise Mbango Etone (fødd 14. april 1976) er ein tidlegare friidrettsutøvar fra Yaoundé i Kamerun. Ho vart olympisk meister i tresteghopp i 2004 og 2008, etter å ha vunne sølvmedaljane i same øvinga under verdsmeisterskapane i friidrett i 2001 og 2003. Etone sitt fyrste OL-gull var det fyrste vunne av ein utøvar frå Kamerun.



Aktiv |


Etone deltok i friidretts-VM 1999 i Sevilla, utan å nå finalen i tresteghopp. Året etter vart ho nummer ti i tresteg under Sommar-OL 2000 i Sydney.


Etone sikra seg så sølvmedaljen då VM i friidrett 2001 fann stad i Edmonton, einast russiske Tatjana Lebedeva hoppa lenger. I 2002 vann ho både tresteg- og lengdehopp i Afrika-meisterskapen. Ved verdsmeisterskapen i 2003 hoppa ho 15,05 m, og tok dermed sitt andre VM-sølv. Det var hennar fyrste hopp over 15 meter, som ved førre VM måtte ho sjå Lebedeva framom seg på resultatlista.


Også under dei olympiske leikane 2004 i Aten sette Etone ny personleg rekord i finalen. Med 15,30 meter vann ho gullmedaljen, fem centimeter føre Hrysopiyi Devetzi frå arrangørlandet. Lebedeva, som tidlegare i leikane hadde vorte olympisk meister i lengdehopp, tok bronsemedaljen.


Våren 2008 vart Etone afrikansk mester i tresteg. Som ved førre sommar-OL forbetra Etone den personleg rekorden i tresteghopp under Beijing-OL i 2008. Ho presterte 15,39 m, sitt livs lengste tretseghopp, og forsvarte OL-tittelen med god margin.


Frå 2010 representerte ho Frankrike og deltok for landet ved EM i friidrett 2012 i Helsinki, der ho enda på åttandeplass.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Françoise Mbango Etone» frå Wikipedia på tysk, den 29. august 2015.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...