Arild Monsen Innhaldsliste Kjelde | Navigasjonsmeny
EinskildmennFødde i 1962Norske langrennsløpararFolk frå Molde
1985SeefeldPål Gunnar MikkelsplassTor Håkon HolteOve AunliMolde1993199720062008Canadas
Arild Monsen | |
Fødd | 5. april 1962 Molde |
Yrke | langrennsløpar |
Arild Monsen, (fødd 5. april 1962), er ein tidlegare norsk langrennar, og no til dags langrennstrenar. Under VM 1985 i Seefeld vart han verdsmeister i 4x10 km stafett (saman med Pål Gunnar Mikkelsplass, Tor Håkon Holte og Ove Aunli). I same meisterskapen vart han nr 7 på 15-kilometeren. Han kom aldri på sigerspallen i verdscuprenn, tre gonger enda han på fjerdeplass. Han vart norgesmeister ein gong (1987). Monsen var på det norske landslaget i perioden 1982–1990. Han er oppvaksen i Molde.
Innhaldsliste
1 Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
2 Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap
3 Idrettsarbeid
4 Kjelde
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |
- 1982: Nr 11 på 15 km i Le Brassus.
- 1983: Nr 4 både i Sarajevo og i Lahti, begge renna på 15 km.
- 1984: Nr 8 på 15 km i Lahti. Nr 2 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
- 1984/5: Nr 4 på 30 km i Davos. Nr 2 på 50 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
- 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse.
- 1987: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen.
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap |
- 1982: Nr 7 på 15 km på Raufoss.
- 1983: Nr 6 på 15 km på Lillehammer.
- 1984: Nr 12 på 15 km i Hof.
- 1985: Nr 12 på 15 km i Tromsø.
- 1986: Nr 4 på 30 km i Vang.
- 1987: Gullmedalje på 15 km i Steinkjer.
- 1989: Nr 7 på 15 km på Geilo.
Idrettsarbeid |
Monsen arbeidde i smørjeteamet til det norske langrennslandslaget frå 1993 til 1997. Frå 1997 til 2006 var han internasjonal teknisk delegat til verdscuprenn i langrenn. Sidan 2006 har han vore langrennstrenar, først to år for Team Trøndelag. I april 2008 vart han tilsett som trenar for Canadas langrennslandslag.
Kjelde |
Sportsboken, aktuelle årgangar