Tambov oblast Innhaldsliste Geografi | Demografi | Historie | Politikk | Referansar |...


Russiske føderasjonssubjekt


folketettleik2010russiskRusslandføderasjonssubjektaTambovMoskvarussararmordvinarDen gylne hordenkrimtataranenogaianeden russiske revolusjonenkommunistiskesperregrensa




















































Tambovskaja oblast
 
 












Flagg

Våpen
Flagg
Våpen


Tambov oblast på kartet over Russland

Hovudstad

Tambov

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering: 63.

34 462 km²

0,2



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 46.

ca. 1 092 000[1] (2010)

ca. 31,7/km²



Føderalt distrikt
Sentrale

Økonomisk region
Sentrale Svartjord

Regionsnummer
68

Offisielt språk

Russisk

Guvernør

Oleg Ivanovitsj Betin

Nasjonalsong
Prosjtsjanije slavjanki

Tidssone

UTC +0300

Tambov oblast (russisk Тамбовская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tambov, arealet er 34 462 km² og innbyggjartalet er 1 092 100 (2010).




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Demografi


  • 3 Historie


  • 4 Politikk


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Elva Tsna renn gjennom byen Tambov.


Tambov oblast ligg sentralt på den aust-europeiske sletta, søraust for Moskva. Landskapet er hovudsakleg flatt, høgste punktet ligg 214 meter over havet. Om lag 10 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen er -10 grader celsius i januar og 20 grader celsius i juli. Det finst ikkje nemneverdige naturressursar i provinsen. Elvene Tsna, Vorona og Lesnoj Voronezj renn gjennom området.



Demografi |


Det store fleirtalet av folket i provinsen er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:[1]




  • Russarar: 95,0 %


  • Ukrainarar: 0,7 %


Som i Russland som heilskap går folketalet i Tambov oblast òg nedover, og har minka med 17,0 % frå 1989 til 2010:[1]



  • 1989: 1 315 300

  • 2002: 1 178 443

  • 2010: 1 092 000


58,7 % av folket bur i byar. Den einaste større byen er Tambov, med 280 200 ibuarar. (2010)



Historie |


Dei første folkeslaga som er kjent i området som no er Tambov oblast var tyrkiske folkeslag og mordvinar. På 1200-talet vart området underlagt det mongolske riket, og vart etter kvart del av riket til Den gylne horden. På 1500-talet byrja russarar å slå seg ned i området. På 1600-talet vart det bygd festningar her, Kozlov i 1635 og Tambov i 1636, for å verna storfyrstedømet Moskva mot åtak frå krimtatarane og nogaiane i sør. Dette gjorde at folkesetjinga av området med russiske nybyggjarar auka på. Frå 1779 var byen Tambov senter for ein eigen provins.


Under den russiske revolusjonen kom området under Sovjetmakta i januar 1918. I 1920-21 vart alvorlege bondeopprør i provinsen slått ned av Den raude arméen.


Tambov oblast vart oppretta som eigen provins den 27. september 1937.



Politikk |


Oleg Betin har vore guvernør i Tambov oblast sidan 1999, då han slo den sitjande kommunistiske guvernøren Aleksandr Rjabov. Ved valet til provinsforsamlinga i 2005 kom tre parti over sperregrensa på 7 %:




  • Sameint Russland: 40,5 %


  • Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 20,0 %


  • Russlands liberaldemokratiske parti: 9,7 %


Guvernøren, Oleg Betin, er medlem i Sameint Russland.



Referansar |




  1. 1,01,11,2 «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010



Bakgrunnsstoff |




  • Tambov oblast sine nettsider (ru)


  • Artikkel frå NUPI (en)


  • Artikkel frå Kommersant (en)










Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...