New York Minute Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyHeile songteksten
Songar frå 1989Songar om New YorkSongar skrivne av Danny KortchmarSongar skrivne av Don HenleySongar om sjølvmordRockeballadarDon Henley-songarEagles-songarHerbie Hancock-songarSanne Salomonsen-songar
Don HenleyDanny KortchmarAdult ContemporaryBillboard Hot 100Pino Palladinobandlaus bassTotoDavid PaichJeff PorcaroTake 6EaglesHerbie HancockSanne SalomonsenChris Minh DokyJohn Wetton11. september-åtakaFrench MontanaNicki Minaj
New York Minute Singel av Don Henley frå albumet The End of the Innocence | ||
Utgjeve | 1990 | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 6:37 | |
Selskap | Geffen | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Danny Kortchmar, and Jai Winding | |
|---|---|---|
Don Henley-kronologi | ||
| "How Bad Do You Want It?» (1990) | New York Minute | «The Garden of Allah» (1995) |
«New York Minute» er ein song skriven av Don Henley, Danny Kortchmar og Jai Winding. Henley gav ut songen i 1989 på albumet The End of the Innocence. Singelen nådde femteplassen på Adult Contemporary-lista i USA året etter, men berre 48. plassen på Billboard Hot 100.
Pino Palladino spelar bandlaus bass på songen, medan Toto-medlemmane David Paich, spelar piano og skrive strykearrangementet, og Jeff Porcaro spelar trommer. Take 6 syng korvokal på songen.
Songen vart spelt inn av Eagles på Hell Freezes Over i 1994 og av Herbie Hancock i 1995 på albumet The New Standard. I 1998 spelte den danske songaren Sanne Salomonsen inn songen i lag med Chris Minh Doky. John Wetton spelte songen i 2015 på konsertalbumet New York Minute.
Songen er nytta i ein episode av The West Wing kalla «Somebody's Going to Emergency, Somebody's Going to Jail,» som var kalla opp etter ei linje i songen. Han vart òg nytta i ein episode av Friends kalla «The One with Two Parts, Part Two».
Songen vart nært knytt til 11. september-åtaka og vart mykje spelt på radiostasjonar på den tida.
Songen er blitt sampla av New York-rapperen French Montana. Nicki Minaj sampla òg songen i «NY Minute».
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «New York Minute» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics