Fugløya i Kristiansund Innhaldsliste Freding og kulturminne | Busetnad | Fugleliv | Kjelder |...
Øyar på NordmøreKulturminne i KristiansundGeografi i Kristiansund
BolgsvaetFreiøyaNordlandetKristiansund kommuneHusøyakulturminnekulturminneåret 1997FormannskapetRastarkalvMøre og RomsdalTV Nordmøresjøfuglfiskemåseparrødnebbterner
Fugløya er ei øy som ligg i Bolgsvaet mellom Freiøya og Nordlandet i Kristiansund kommune. Arealet er på 220 daa.
Innhaldsliste
1 Freding og kulturminne
2 Busetnad
3 Fugleliv
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Freding og kulturminne |
Fugløya var planlagt innlemma i ei utbygging av industriområdet på Husøya i tidlegare Frei kommune. Øya vart, etter ein folkeaksjon i kommunen, kåra til kulturminne for kommunen i kulturminneåret 1997 og vart samstundes freda.[1].
Formannskapet i Frei kommune prøvde å sette resultatet av avstemminga til side, og vedtok i staden å kåre Rastarkalv til kommunen sitt kulturminne. Dette vedtaket vart overprøvd av sekretariatet i kulturminnestafetten, som slo fast at det var kommunen sine innbyggjarar som skulle avgjere .[2]. Øya vart òg vald til kulturminne for Møre og Romsdal fylke.
Busetnad |
Øyen er i dag ikkje busett, men i mange år budde brørne Frank og Roald Thoresen på øya og dreiv med tradisjonelt fiske. Eit portrettprogram med brørne har vore sendt på TV Nordmøre.
Fugleliv |
Fugløya var rekna som den viktigaste hekkeplassen for sjøfugl i Frei, og i 1998 hekka mellom 150 og 200 fiskemåsepar her saman med 20-30 par rødnebbterner.
Kjelder |
↑ «Kulturminnestafetten - Folkets kulturminner - en presentasjon av 429 valgte kulturminner». riksantikvaren.no. Henta 20. mars 2007.
↑ «Nekter å underskrive kulturminnedokument». Radio 1 Index Nordvest. 24. juli 1997. Henta 20. mars 2007.
Bakgrunnsstoff |
Fugløya bør vernes Leder i lokalavisa Tidens Krav 03.03.2006
Verneplan for hekkende sjøfugl Fylkets tilrådning som er oversendt Direktoratet for naturforvaltning
|