Émile Zola Innhaldsliste Biografi | Bibliografi | Bakgrunnsstoff | Kjelder | NavigasjonsmenyJ'accuse...
EinskildmennFødde i 1840Døde i 1902Franske forfattararFolk frå ParisFolk frå Den tredje franske republikken
29. september1902Paris2. april184029. september1902fransknaturalismenliberaliseringaFrankrikeDreyfus-saka13. januar1898injurieAix-en-ProvenceParisbohemlivToulouseManet
Émile Zola | |
![]() | |
Fødd | 2. april 1840 Paris, rue Saint-Joseph |
Død | 29. september 1902 |
Yrke | politisk journalist, kunstkritikar, romanforfattar, essayist, skodespelforfattar, novelleforfattar, litteraturkritikar, teaterkritiker, journalist, skribent, lyrikar |
Språk | fransk |
Sjanger | roman, novelle |
Far | François Zola |
Mor | Émilie Aubert |
Ektefelle | Alexandrine Zola, Jeanne Rozerot |
Born | Denise Rozerot, Jacques Rozerot |
Émile Zola på Commons |

Émile Zola

Artikkelen «J'accuse»

Autografen til Zola

Portrett av Edouard Manet (1868)
Émile Édouard Charles Antoine Zola (2. april 1840–29. september 1902) var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.
Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.
Innhaldsliste
1 Biografi
2 Bibliografi
3 Bakgrunnsstoff
4 Kjelder
Biografi |
Zola starta utdanninga si i Aix-en-Provence, der far hans, ingeniør Francois Zola, ein italienar, var busett og døydde i 1847. Mora, som var fransk, flytta med sonen sin til Paris, der han 1858 starta på Lycée Saint-Louis. Han hadde planar om å verte advokat, men fall gjennom i eksamen 1859 og søkte arbeid som kontorist, men forlet plassen etter to månader. Han levde i mars 1860 til februar 1862 eit bohemliv til han fekk plass i Hachette & co:s forlagsbokhandel. Etter nokre år hadde han skrive vers som var meir som etterklangar (Musset m. fl.) og fann ikkje forleggjarar. 1864 fekk han likevel gjeve ut nokre dikt i L'académie des jeux floraux i Toulouse og same år kom debuten hans, novellesamlinga Contes à Ninon, naive små skildringar, satiriske eventyr, fantasiar, heilt ulikt hans seinare verk. Han skreiv så avisartiklar, spesielt kritikk av kunst og litteratur i Figaro og L'événement, som fekk merksemd av fagfolket og det interesserte Manet, den enno ukjende målaren, og dei realistiske tendensane. Dei samla seg i Mes haines, causeries littéraires et artistiques (1866), der mellom anna Mon solon finst.
Bibliografi |
1867 - Thérèse Raquin
1871-1893 - Les Rougon-Macquart
1871 - La Fortune des Rougon
1872 - La Curée
1873 - Le Ventre de Paris
1875 - La Faute de l'Abbé Mouret
1876 - Son Excellence Eugène Rougon
1877 - L'Assommoir
1880 - Nana
1880 - Le Roman expérimental
1882 - Pot-bouille
1883 - Au Bonheur des dames
1885 - Germinal
1886 - L'Œuvre
1887 - La Terre
1891 - L'Argent
1892 - La Débâcle
1901 - Le garcon
Bakgrunnsstoff |

- J'accuse - på fransk - og omsett til engelsk
- Arbeidet til Zola
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Émile Zola» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2009.
|